Lokal | 27. aug. 2018

– Prøvde å varsla

Kapteinen skal ha fått MS Rygerfonn i akterover før samanstøyt med fritidsbåt. I dag er båten tilbake i rute.

– Prøvde å varsla
MS Rygerfonn på veg inn til Os hamn tidlegare i sommar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. aug. 2018 07:42

Bildeserie:

MS Rygerfonn etter samanstøyten i går. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
MS Rygerfonn etter samanstøyten i går. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Ein tenåring frå Os kom frå kollisjonen med lettare skadar. (Foto: KVB)
Ein tenåring frå Os kom frå kollisjonen med lettare skadar. (Foto: KVB)
1 av 2
MS Rygerfonn etter samanstøyten i går. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Ein tenåring frå Os kom frå kollisjonen med lettare skadar. (Foto: KVB)

Søndag klokka 19.58 kom det melding om samanstøyt mellom MS Rygerfonn, som køyrer Rødne Fjord Cruise si faste rute «Hardangerfjordekspressen», og ein open fritidsbåt på under 20 fot.

• Les òg: Ung båtførar kolliderte med MS Rygerfonn

Det var éin person om bord i fritidsbåten, ein gut i slutten av tenåra frå Os. Han blei lettare skadd, men svømte sjølv til akterenden på Rygerfonn og klatra om bord.

Guten blei frakta til Os hamn av ein mob-båt frå Kystvakten og vidare med ambulanse til Haukeland for sjekk.

– Prøvde å varsla

Politiet kunne søndag kveld ikkje seia noko om årsak til samanstøyten, og hadde ikkje mistanke om at nokre av båtførarane hadde promille.

– Begge skal ha vore i fart, sa innsatsleiar Frank Listøl til Midtsiden søndag kveld.

Driftssjef i Rødne, Geir Nedrebø, seier dei har gjeve opplysingar til Sjøfartsdirektoratet og til politiet, men at rapport frå kapteinen førebels ikkje er klar.

– Det skal frå vår side ha blitt oppdaga at båtane var på kollisjonskurs, og det blei gjeve lydsignal i forsøk på å varsla føraren av fritidsbåten. Då det ikkje hadde effekt blei Rygerfonn kasta i akterover (revers), så farten var redusert då båtane støytte saman.

– Fritidsbåten skal ha kome mellom dei to skroga. Vi er veldig glade for at han kom nærmast uskadd frå ulykka!

– Hadde fritidsbåten fart?

– Sånn eg har forstått det hadde den god fart.

Rødne vil no ha ein gjennomgang internt med debriefing for å ta vare på eige mannskap. Politiet har oppretta sak.

I rute frå måndag morgon

49 passasjerar som skulle til Rosendal var om bord då båtane kolliderte. Rygerkatt, som transporterer skuleelevar frå Våge på Tysnes til Os, rykte ut og tok passasjerane vidare.

MS Rygerfonn blei liggande å venta på Redningsselskapet, som kom med dykkarar for å inspisera skrog og propell.

– Det eine av dei to skroga har fått eit hakk, men det er ikkje alvorleg, så båten er framleis køyrbar. Etter ein prøvetur i går kveld blei det bestemt at den skulle gå i ruta frå måndag morgon som normalt.

Vraket etter fritidsbåten er tatt til land av Kystvakten.

Hardangerfjordekspressen går i rute frå Rosendal til Bergen og tilbake til Rosendal sju dagar i veka. Den har stoppestad på Snilstveitøy, Malkenes på Tysnes, i Os hamn og Flesland, nokre av stadane berre om du 30 minutt før ankomst ringer om bord, så Rødne veit at dei har passasjerar på stoppestaden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.