Lokal | 10. des. 2014

Prøver å redda verdisaker

– Vi driv framleis sløkking, og omfattande restaurering må nok til, men huset er truleg berga, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Prøver å redda verdisaker
Brannsjef Stein Gjøsund på Steinneset under bustadbrannen i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. des. 2014 16:06

Mannskapet frå Os brannvesen sat i bilane då meldinga om bustadbrann på Steinneset kom.

Sjå bildeserie og video frå sløkkearbeidet.

– Det eine laget hadde vore ute på eit lynnedslag på Drange, som heldivis ikkje førte til brann, det andre heldt på å rygga inn i garasjen etter trafikkulykka på E39 i Lepsøykrysset, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

– Vi fekk ingen forseinkingar, heldigvis, for om vi hadde kome nokre minutt seinare ville huset truleg blitt overtent.

Prøver å berga mest mogleg

Flammane sto ut frå første etasje då brannvesenet kom til staden.

– Den enorme røykutviklinga då vi starta å sløkka vitnar om branngassar, som om dei blir varme nok vil bryja å brenna. Hadde dette skjedd så hadde huset blitt totalskadd.

Bustaden er likevel omfattande skadd av flammar, vatn og røyk.

– Det blir nok krevjande å restaurera huset, men eg vil tru at huset i hovudsak er berga. No har vi restverdiselskap på plass som er inne for å redda mest mogleg frå den fuktige og røykfylte lufta.

Driv framleis sløkking

Det tok ein time før brannen i bustaden var under kontroll.

– Vi fekk tidleg slått ned flammane i første etasje, men dei hadde spreidd seg til hovudetasjen så vi måtte inn med to røykdykkarlag samtidig.

Dei 8 røykdykkarane frå Os fekk assistanse frå 4 røykdykkarar frå Fana.

Brannen spreidde seg til eit anneks, og røykdykkarane har framleis ikkje sløkt denne brannen, to timar etter utrykkinga.

– Her har vi måtta bruka motorsag for å koma til. Vi held no på å omorgansiera oss, brannen i annekset får vi nok snart sløkt, men så skal vi halda vakt ei god stund utover kvelden.

Katten berga seg sjølv

Det var ingen i huset då det byrja å brenna. Huseigar, lokalpolitikar Laila Reiertsen, hadde vore eit ærend og kom tilbake etter ti minutt.

– Det var ingen i huset, bortsett frå katten, sa Laila til Midtsiden før brannvesenet kom fram.

– Eg tok ein runde rundt huset og på baksida, nær huset, sto katten. Den såg uskadd ut, seier Gjøsund, som også sjølv bur på Steinneset.

– Vi er glad for at det blei varsla tidleg og for god hjelp frå Fana. Vi ser også at det vi øver på får vi bruk for, og at øvingane vi har er gode.

– Eg har stor medkjensle med familien og er glad ingen blei skadd. No vil Os kommune, saman med forsikringsselskapet finna ein god måte å innkvartera dei til dei får huset sitt i stand igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.