Publikumstal som tilsvarer dei beste i Toppserien
Os - Arna-Bjørnar 2 ville truleg spasert inn på topp 10-lista.


Uvanleg mange kom til Kuventræ for å sjå Os tilbake på høgaste nivå sidan 1997.
Dei gjekk, dessverre for heimepublikummet, på eit braktap for Arna-Bjørnar 2, men kan gle seg over ein god start på kampen og ei merksemd i noregstoppen.
– Eg har dessverre ikkje det eksakte talet, då alle ungane kjem gratis inn, seier dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.
Han reknar med at det var over 400, kanskje nærmare 480 publikummarar på kampen.
– Eg har hatt manuell oppteljing av publikum på det eg vil kalla ein «glissen» herrekamp, og då var vi i 200. Vi hadde minst det doble i går, seier Brenne, som sjølv var speaker under kampen.
Blant det beste publikummet i Noreg
På lista over dei best besøkte kampane etter 4 rundar i Toppserien til no i år ligg Brann - Rosenborg og Brann - Arna-Bjørnar på topp med 1.180 og 920 på tribunen.
På plassane bak ligg RBK - Avaldsnes på 3. plass med 515, mens VIF-Røa er på 10. plass med 336.
Viss det var over 400 på damekampen på Kuventræ i går, tilsvarer det 8. plass i Toppserien. Om det var 480 på tribunen ville kampen plassert seg på 5. plass.
Bildeserie:
– Det er uansett veldig gode tal! Vi håper det held seg oppe, for til helga byr vi på supersøndag med damekamp klokka 14 og herrekamp klokka 17.
Damelaget tar imot tøff motstand i Viking, som vann 2. divisjonsavdelinga i fjor.
Herrelaget tar imot Kjelsås 2, som har starta sesongen med uavgjort og tap.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.