Pusta letta ut i 85. minutt
Os sleit med å skåra på Bergen Nord, men sikra nok ein heimesiger.
Fredag kveld tok Os imot Bergen Nord, det andre laget i avdelinga som rykte opp i fjor haust, og som Os slo både i kretsmeisterfinalen og i serien i vår.
Dagens runde starta med dominans av heimelaget, men kampen blei etterkvart spennande.
– Eg synest vi var gode både på å ha tempo i ball og i gjenvinningsfasen i første omgang, men det blei i periodar av andre omgang noko nervøst, synest Os-trenar Endre Brenne.
Os - Bergen Nord 2-0 (1-0)
Mats Cato Moldskred gav Os leiinga på straffe i 25. minutt etter at ein strak fot frå gjestane gjekk rett i Kvamsdal ute i sida av 16-metersfeltet.
(Artikkelen held fram etter videoen)
Os - Bergen Nord 1-0 på straffe from Midtsiden on Vimeo.
Ein time seinare sleppte Os jubelen laus etter 2-0-skåring av innbytar Frode Storebø.
Gjestane var knapt over midtbanen i første omgang. Os skapte nokre sjansar, Dyngeland testa keeper allereie i opningsminuttet, Moldskred skaut over i 16. minutt og i målveggen i 22. minutt. Kaptein Mikkelsen fekk lausna eit godt skot i 34. minutt, men dette blei slått til corner.
Os starta også 2. omgang bra, fekk innkast og corner i dei første minutta, men så blei det nokre brot og Bergen Nord kom til sjansar og cornerar både i 60. og 74. minutt.
Heile heimelaget deltok i feiringa av Frode Storebø si 2-0-skåring, som kom etter godt angrepsspel der Sander Kvittingen fekk sendt Storebø åleine, skrått på keeper.
– Det var godt å sikra tre poeng i denne kampen, og å halda nullen i tredje heimesiger på rad, seier Brenne.
Møter Fyllingsdalen i neste runde
Os sine fem siste motstandarar i haust er Fyllingsdalen (borte), Fjøra (heime), Stord (borte), Vard Haugesund (heime) og Lysekloster (borte).