Sport | 27. feb. 2013

Radiostyrt action i Os

Os har eit stort og veksande miljø innan radiostyrt motorsport. Til hausten er det NM i Os, til helga kan du sjå Vestlandets største konkurranse i gymsalen på Os skule.

Radiostyrt action i Os
Nokre av dei mange aktive rc-racing-utøvarane frå Os, f.v.: Lars Henrik Fauske, Jakob Hagen Olsvold, Benjamin N. Balland og Daniel Solberg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. feb. 2013 14:28

Os utgjer med 25-30 aktive medlemmar mellom 10 og 43 år ein stor del av Bergen og Omegn Modellbilklubb, BOMBK.

To dagar i veka har dei trening i Bildøyhallen, første helg kvar månad har klubben trening i gymnastikksalen til Os ungdomsskule.

– Vi ser veldig fram til å arrangera NM utandørs på Nore Neset i august, men nett no konsentrerer vi oss om førstkomande helg og Winter Challange 2013, seier Frode Olsvold.

Ope for publikum

Winter Challange er den største regionale utfordringa for dei som driv med RC-racing på Vestlandet, og den publikumsvenlege konkurransen blir arrangert innandørs i gymsalen på Os skule laurdag og søndag.

– Vi startar med trening utover fredagskvelden og kjem til å kjøra heile laurdag og søndag. Det er berre til å koma og sjå på for dei som vil, vi har også open kiosk heile helga, seier Olsvold.

Lokale medaljehåp

Winter Challange har til saman i 2 WD og 4 WD over 60 påmeldte deltakarar.

Blant dei er fleire frå Os, som Lars Henrik Fauske, som gjorde reint bord på førre vinterutfordring.

Les òg: Vann begge finalane

Osingen Andreas Solberg Johannessen tok sølv i begge klassane.

Fleire nye

– Vi har også hatt god rekruttering den siste tida, og har fleire ferske som får prøva seg i konkurranse, seier Frode.

Ein av dei er Benjamin Nagelsen Balland.

– Eg fekk testa ein bil på bane og det var veldig gøy. Så sparte eg litt pengar og fekk litt, så då hadde eg råd til ein god bil, seier Benjamin, som har vore medlem sidan rundt jul.

– Dei som er nye får seg ein grei bil til rundt 2000-2500 kroner, seier Frode Olsvold.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.