Lokal | 28. okt. 2015

Rådmannen takka for seg

Video: Rådmann Knut Terje Rekve avslutta budsjettframlegginga med å takka for seg.

Andris Hamreonsdag 28. okt. 2015 09:34

Rådmann Knut Terje Rekve går av med pensjon til nyttår og hadde tysdag kveld sitt siste kommunestyremøte i rådmannsstolen.

– Eg har ei god kjensle når eg no har presentert mitt framlegg til budsjett. Det er ein av grunnane til at eg no føler det er rett å gje meg.

– No trur eg det kan bli godt med litt nye koster, eg trur organisasjonen vil ha godt av det. Skulle eg ha fortsatt så måtte eg ha hatt to år til, meinte Rekve.

Vemodig avslutning

Den avtroppande rådmannen fortalde at han hadde hatt ni gode år i samarbeid med politikarane, men kunne ikkje dy seg for å komma med velmeinande råd til det nye kommunestyret.

– Hald fram med å lytta til administrasjonen og det vil gå dykk vel.

– Eg kjem til å sakna dykk, men alt har sin tid, så tusen takk, avslutta Rekve til applaus frå politikarane før ordførar Terje Søviknes (Frp) gjengjelde takken.

– Det er nok mange som kjem til å sakna deg òg.

Prosessen med å finna Rekve sin etterfølgjar er godt i gang. Stillinga blir lyst ut kommande helg med mål om å ha ei innstilling til kommunestyret 15. desember.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.