Kultur | 16. mai 2019

Rævadilter dukka opp i Os sentrum

I løpet av natta har Os sentrum fått eit nytt stykke gatekunst.

Rævadilter dukka opp i Os sentrum
Os sentrum har no fått sin eigen rævadiltar - signert kunstnaren #MALC. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 16. mai 2019 12:06

Bildeserie:

– Ser du han? (Foto: KOG)
– Ser du han? (Foto: KOG)
No òg i Os.  (Foto: KOG)
No òg i Os. (Foto: KOG)
1 av 2
– Ser du han? (Foto: KOG)
No òg i Os.  (Foto: KOG)

I løpet av natta har det dukka opp ein liten buekorpsgut på veggen til den tidlegare blomsterbutikken på torget.

«Rævadilter» er signert gatkunstnaren #malc, og viser ein kjend profil på Instagram, «Buekorpsgutten fra Bergen».

Har trekt litt i trådane

Katrine Brattfjell Heggland hos Nordisk Rom var tidleg ute med å dela det nye kunstverket på sosiale media i dag.

Ho fortel, noko løyndomsfull, at ho har vore med å trekkja litt i trådane;

– Eg håper folk vil sjå på denne rævadiltaren som ei fin gåve til Os dagen før 17. mai.

Inspirert av ein ekte rævadilter

Kunstnaren #malc fortel til Midtsiden at kunstverket er inspirert av Yngve Eliias, som som er ein ekte rævadilter.

– Eg kom over bilda av han på sosiale media for eit år sidan og eg vart både sjarmert og inspirert. Eg måtte berre teikna ein litan rævadilter for meg sjølv. Etter det har det heile berre utvikla seg vidare.

#malc fortel at han ikkje vil røpa sin eigen identitet for pressa, men at den første «rævadilter» vart satt opp i Sandviken i Bergen 16. april i år.

#rævadilter er òg registrert i gatekunsthistorien til Bergen.

– Rævadilter med «a» er eit bevisst val frå mi side, inspirert av den bergenske talemåten, og eg tykkjer buekorps er ein unik tradisjon for nettopp Bergen, seier #malc.

Vil synleggjera buekorpsa

#malc fortel at å bruka gatekunst er eit bevisst val;

– Bodskapen plassert ei åpen gate vil synleggjera buekorpsa og vekkja interessa rundt dei. Buekorps er mykje meir enn berre marsjering i gatene, og om alle foreldre hadde vore klar over dei verdiane borna lærer der, ville det nok ha vore kø for å lov til å begynna i buekorps.

– No håpar eg at rævadilteren i Os vil bidra til å inspirera born og unge i Os til å bli nysgjerrig på buekorps, og kanskje til og med melda seg inn i eit korps. Eg håper i alle høve at rævadiltaren dykkar til skapa mykje glede på Øyro på 17. mai og tida framover, avsluttar #malc.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.