Lokal | 10. des. 2015

Råka av redningsoppdrag

Fjord1 har redusert kapasitet på sambandet mellom Halhjem og Sandvikvåg grunna eksternt redningsoppdrag.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. des. 2015 17:56

OPPDATERT: Det er normal drift frå klokka 19.45

Fjord1 melder om «inntil videre redusert kapasitet og frekvens på sambandet pga. eksternt redningsoppdrag.»

Meldinga kom klokka 18.38 og gjeld Halhjem - Sandvikvåg.

Det blir ikkje opplyst kva redningsaksjon det er snakk om og pressekontaktane hos Fjord1 hadde heller ikkje informasjon å dela då Midtsiden ringte.

Ferje på grunn ved Sandvikvåg

– Dei har spurd oss om vi har tilgjengeleg båt for oppdrag nær Sandvikvåg, men vi ruker for lang tid å gå til Sandvikvåg med Unik-båten i dette vêret, seier Terje Håvardstun frå Os brannvesen.

Operasjonsleiar Kronen ved Hordaland politidistrikt viser til Sunnhordland politidistrikt.

– Det er ei ferje som har gått på land ved Sandvikvåg, det er alt eg veit, seier Kronen.

NRK fortel at 13 personar er evakuert frå ei ferje som er gått på grunn eit par hundre meter frå ferjekaien, men at det ikkje skal vera noko dramatikk.

Har du tips eller bilde? Send til Midtsiden på 907 89 270 eller kjetil@midtsiden.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.