Lokal | 15. aug. 2020

Ramla i sjøen - to gongar

Venar fekk mannen på land igjen.

Patruljen rykte ut på melding om mann som ramla i sjøen fleire gongar. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. aug. 2020 07:40

Litt før klokka 03 natt til fredag fekk politiet melding om ein mann som hadde ramla i sjøen i Os hamn.

– Det var i tilknyting til ein båt i gjestehamna. Mannen framsto som godt skjenkt, og hadde ramla på sjøen to gongar, opplyser vakthavande politibetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Vitne hadde sett at han blei redda opp begge gongane.

– Patruljen fekk ein prat med vedkomande, og venane hans, som lovde å passa på han resten av kvelden.

Stor gjeng samla på ungdomsskulen

I 23.40-tida fredag kveld køyrde patruljen innom Os ungdomsskule.

– Der var det høg musikk og ei stor samling av eldre ungdom, rundt 20 personar, fleire av dei i starten på 20-åra.

Gjengen spelte volleyball til høg musikk.

– Vi har inntrykk av at mange har glede av den nye plassen utover ettermiddag og kveld, men ber folk ta omsyn til dei som bur i området. Gjengen vi møtte i går dempa musikken og lovde å halda støynivået nede.

Samling ved Lidlbygget

Klokka 00.15 observerte politiet ei samling av bilar ved NHP-lageret (Lidlbygget) i Ådnadalen.

– Det var spor etter svidd gummi på staden. Ingen blei tatt for børning, men patruljen tok ein prat med nokre av bilistane.

Då ein gatebilklubb i etableringsfasen hadde samling her i sommar, sa ein representant for huseigar at dei har sans for motorsport, men at dei ikkje ønskjer samling på eigedomane.

– Vi har trafikk og varelevering til eigedomen òg på kveldstid, og vi har folk som jobbar på E39-prosjektet som bur her.

Mykje feilparkering på Halhjem

I løpet av natta har politiet skrive ut parkeringsgebyr på 900 kroner til ein bil på Halhjem ferjekai.

– Bilen sto på eit fortau.

– Dette er eit gjentakande problem, og vi får klager frå både rullestolbrukarar og dei som driv vedlikehald på staden.

Om årsaka til utfordringa er hyppigare bruk av hytter, eller pendlarar som set bilen igjen på Os, har politiet visse indikasjonar på.

– Vi ser at ein del bilar på staden er registrerte på Stord.

Passasjerar reiser gratis med ferjene til Tysnes og Stord, å ta med seg bil har blitt dyrare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.