Rann inn med folk i den nye butikken
I ettermiddag tjuvstarta opninga av den nye søndagopne butikken til Rema 1000 - nokon kom uansett for litt for seint.


Bildeserie:
I minutta før opning var det hektisk aktivitet både innanfor og utanfor dørene til den nye søndagopne Rema 1000-butikken.
– Ja, det har vore travelt, men no er vi straks klare til å opna, fortel kjøpmann Trond Hope, mens han gjer dei siste justeringane på plakatene utanfor butikken.
Rann inn med folk
Hope fortalde på onsdag at den nye butikken skulle opna samstundes som hovudbutikken stengjer for pinse, for så å halda ope søndagane framover.
Då butikken opna klokka 16 byrja det raskt å siga på med folk som framleis ikkje var ferdig med innhandlinga før langhelga.
For dei unge karane i BMW som hadde øl på handlelista, vart det bomtur;
Noko skuffa måtte dei innsjå at dei hadde bomma med knappe 10 minutt, og neste moglegheit kjem først på tysdag,
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.