Lokal | 20. nov. 2020

Ras sperra veg

Hjortejeger «møtte veggen» på veg heim.

Ras sperra veg
Dette synet møtte jegeren på veg heim frå Øvredalen i kveld. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. nov. 2020 20:20

Fredag ettermiddag gjekk det eit ras over delar av Øvredalsvegen.

– Eg hadde vore på jakt i skumringa, men fekk problem då eg skulle heim, fortel tipsar.

Han køyrde inn i Øvredalen i 15.30-tida. Då var vegen open, men i 18.30-tida låg det fleire steinar i vegen.

– Dei var ganske store! Eg køyrde inn igjen i Øvredalen, fekk med meg nokon som bur der, og saman flytta vi på nokre av steinane ved hjelp av eit spett.

– Du frykta ikkje for fleire ras?

– Eg tenkte tanken. Eg lyste oppover fjellsida, og høyrde godt etter, men det kom heldigvis ikkje noko meir.

Teknisk eining på synfaring

Han varsla òg politiet. Øvredalsvegen er ein kommunal veg, og det er Bjørnafjorden kommune som har ansvar for å rydda vegbanen.

– Vi er varsla og eg har sendt inn nokre mann for å sjå på staden, og for å setja opp skilt.

– Vi får sjå kor omfattande det er, det er mogleg at vi ventar til det er lyst med å rydda ferdig, seier teknisk vakt.

Store nedbørsmengder onsdag og natt til torsdag førte til fleire ras på Vestlandet denne veka. Onsdag kveld var fem vegar i Vestland fylke sperra av ras.

Halvanna år sidan sist

Det har gått steinras i området før, seinast i mars 2018.

I mars 2010 gjekk det eit større snøras over vegen.

Åtte bustadar blei innesperra i fleire dagar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.