Lokal | 20. feb. 2014

Rask naust-avklaring

Tomtefeste-saka til Henrik Eidsvik har fått ei løysing.

Rask naust-avklaring
Henrik Eidsvik ved naustet som han no har selt til tomteeigar, Opplysningsvesenets fond. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. feb. 2014 11:47

Bildeserie:

I naustet har Henrik denne båten, ein Askeladden bygd i tre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I naustet har Henrik denne båten, ein Askeladden bygd i tre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Henrik får bruka naustet (i midten) ut året. OVF har ikkje bestemt kva dei vil gjera med eigedomen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Henrik får bruka naustet (i midten) ut året. OVF har ikkje bestemt kva dei vil gjera med eigedomen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2
I naustet har Henrik denne båten, ein Askeladden bygd i tre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Henrik får bruka naustet (i midten) ut året. OVF har ikkje bestemt kva dei vil gjera med eigedomen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

For to veker sidan skreiv vi om Henrik Eidsvik si sak med Opplysningsvesenets fond (OVF), der Eidsvik fortalte om det han opplevde som høg pris på tilbod om kjøp av ei nausttomt i Oselvo.

Les òg: Prisvekst på 16.000 prosent

Nokre dagar seinare kom OVF med ein kommentar i saka.

– Eg fekk tilbod om å kjøpa tomta for 700.000 kroner. Per telefon fekk vi tilbod om å leiga tomta vidare for rett over 50.000 kroner per år, seier Eidsvik, som dei siste 25 åra har betalt ei årleg festeavgift på 300 kroner.

– Men no har vi funne ei løysing. Dei kjøper naustet mitt og eg kan bruka det ut året.

Ei av fleire feste-saker i Os

Advokat Olav Pedersen i Advokatfirmaet Harris DA er saksbehandlar for OVF.

– Det stemmer at vi kjøper naustet til Eidsvik, stadfestar han.

– Men det er førebels uvisst kva vi gjer med bygningen og tomta.

– Har de fleire liknande forhandlingar i Os for tida?

– Os prestegard er stor og omfattar blant anna store areal rundt Banktjørnhaugen og i sentrum.

– Talet på kontraktar som går ut i desse dagar har eg ikkje framfor meg no. Men vi har nyleg gjort avtalar med Os kommune på fleire areal i Os sentrum.

Usamd om verdi

Henrik Eidsvik meiner 700.000 kroner, som i utgangspunktet var prisen OVF ville ha for tomta, er for høg pris for ei nausttomt så langt oppe i elva.

Båten til Eidsvik kan berre kjørast opp til naustet på flo sjø.

– Vi høyrde ikkje frå Eidsvik før vi las om naustet hans på Midtsiden. Det var nesten 2 år etter vi sende han brev. No har han forklart sitt syn og vi ser i etterkant at vi truleg har vurdert verdien noko for høg spesielt i forhold til dette med vasstand.

– Samtidig ligg naustet i eit veldig fint, og attraktivt område i Os sentrum og Os er i vekst. Vi har også tru på god prisvekst, spesielt i sentrum, i åra som kjem, seier Pedersen.

Sjølv om partane etterkvart kom i dialog, var spriket mellom Eidsvik og OVF si prisvurdering stort, og det var vanskeleg å koma til einigheit om pris. Partane løyste derfor saka ved kjøp av naustet.

– Det var ei god løysing for begge.

Tar "kulturskatten" heim i hagen

– Vi var ikkje einige om verdien på tomta. Vi hadde også ulikt syn på verdien av naustet mitt, seier Henrik Eidsvik.

– Men det var greit at eg slapp arbeidet og kostnaden med å riva det. Samtidig får eg litt pengar for naustet.

Henrik har stort sett berre brukt naustet til vinterlagring av båten sin, ein gamal Askeladden med påhengsmotor.

– Det skal vera den siste trebåten bygd av Askeladden-produsenten Henrik J. Askviks Sønner AS.

– Den blei bygd i 1964, på bestilling frå ein amerikanar som ville fiska laks langs kysten. Far kjøpte båten to år seinare, overbygget frå ein tilsvarande Askeladden i plast har eg fått sett på. Det passa perfekt.

Sommarhalvåret har Henrik båten liggande i ein av pirane lengre nede i Oselvo.

– No har eg sommaren på meg til å rydda ut av naustet. Til vinteren kjøper eg meg båthengar og tar Askeladden heim i hagen, seier Henrik Eidsvik, nøgd med at dei blei ei avklaring med naustet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.