Sport | 06. mai 2011

Rask «Os Rundt»

Det blei gode tider då det tradisjonsrike sykkelrittet «Os Rundt» blei arrangert 1. mai.

Rask «Os Rundt»
Andris Hamrefredag 06. mai 2011 08:36

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 4
bilde
bilde
bilde
bilde

I vakkert vårvêr inviterte CK Henie til sykkelløp i og rundt Os 1. mai. Dette var 32. gongen syklistar frå Bergensregionen sette kvarandre i stemne.

Sjølv om deltakinga var litt lågere enn i fjor (127 mot 166 syklistar) var tidane av det raske slaget.

Løyperekorden på den 41 km lange løypa frå Os gymnas, via Mobergsbakkane om Nore Neset, Ulven til Lysefjorden, over Fanafjellet, ut Hamrevegen og tilbake til Os er på 1.02.16 sett i 2008.

I årets ritt måtte rekordhaldar Øystein Blom-Ohlsen dela sigeren med Andreas Hosøy og Fredrik Olsen. Dei tre blei klokka inn til same tid 1.03.00.

Tjuetre sekund bak dei to kom ei gruppe på heile 12 ryttarar samla.

Sjå heile resultatlista på CK Henie si heimeside

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.