Lokal | 23. nov. 2020

Rask utbetaling: Utvida og vedtok ny støtte til næringslivet

Frp auka frå 2 til 3 millionar - gåvekort til arbeidssøkjarar- og fekk alle med seg.

Rask utbetaling: Utvida og vedtok ny støtte til næringslivet
Mengda bransjar er utvida frå 3 til 5. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. nov. 2020 19:10

Torsdag la kommunedirektør Christian F. Fotland ut forslag om ein ny, lokal støtteordning frå Bjørnafjorden kommune til lokalt næringsliv.

I ekstraordinært møte i kommunestyret i dag blei forslaget drøfta, justert og vedtatt. Etter gruppemøter i ein pause som skulle vara i 10 minutt, men varte i over 45 minutt.

Forslag: 1 + 1 million

I forslaget låg det 1 million kroner i kjøp av gåvekort. Dette er altså ikkje ei rein støtteordning, varene må leverast - men det er eit tiltak som gir raskt kroner i kassen.

I tillegg vil kommunedirektøren gi 1 million kroner i omstillingskroner, maks 50.000 kroner per søkjar.

Ordninga var tiltenkt tre bransjar; servering, velvære og trening.

Resultat: 2 + 1 millionar

Saka skapte konstruktiv engasjement. Les meir om denne lengre nede.

Resultatet blei;

  • Ei utviding til fem bransjar; servering, velvære, trening, reiseliv og transportbransjen
  • Kjøp av 2 millionar i gåvekort - aktørar kan melda seg innan søndag 29. november for utbetaling i veke 49
  • Utdeling av 1 million i omstillingsmidlar - med søknadsfrist 4. desember og utbetaling i veke 50/51

Aktuelle aktørar vil finna informasjon om påmelding til gåvekortløysinga og kriterium for å søka om midlar og på kommunen si heimeside. Kommunen skal òg ha møte med næringslivet tysdag og halda eit webinar om midlane fredag.

Prosessen og gåvekorta

Før dagens møte hadde vi ein prat med næringssjef Elin Thorsen Kløverød om prosessen og ordninga.

– Om vi kjøper 50 gåvekort, kvart på 500 kroner, får dei raskt 25.000 kroner på konto kvar. Gåvekorta vil vi dela ut til tilsette. Dei har stått ekstra på i år, både med kuttprosessen kommunen er i, og under pandemien.

– Då vi er rundt 1800 tilsette, men i alt vil kjøpa 2000 gåvekort, får vi nokre fleire enn vi treng. Desse vil vi, saman med Bjørnafjorden Næringsråd, dela ut som premiar i ein julekalender.

Næringssjefen har vore i dialog med Nav, næringsrådet og fleire aktørar i næringslivet før ho saman med kollegaer, som rådgjevar Andris Hamre, forma forslaget.

– Vi fryktar konkursar som følgje av pandemien. Eg er glad for at vi får til ei lokal støtteordning, eg trur vi er den einaste av kommunane rundt Bergen til no, med ein sånn pakke til næringslivet.

Vil gi gåvekort til arbeidsledige og minstepensjonistar

I møtet kom Frp med eit forslag som fekk samrøystes oppslutnad, at også andre skal få gåvekort.

– Pandemien rammar hardast i det private næringslivet, det offentlege har i stor grad styrt klar. Vi foreslår 1 million ekstra i gåvekort hos dei aktuelle bransjane, og vil gi desse gåvekorta til mange privatpersonar som har det vanskeleg, sa Terje Søviknes (Frp).

– Vi har cirka 800 arbeidsledige, 500 som får sosialhjelp, og rundt 550 minstepensjonistar. Då kjem vi opp i same mengde somkommunalt tilsette, 1800. Eg forstår at administrasjonen ønskjer å vera varsam, men nokre her er redde for at kvarenkelt får for lite hjelp. Her får vi samtidig gitt til ein del av innbyggarane våre som no har ei tøff tid.

Sjå heile framlegget nedst.

Det kom fleire gode innspel før gruppemøta. Etter gruppemøta, som og blei tverrpolitiske, var Marie Bruarøy (H) den første som fekk ordet.

– Vi held på ramma på to millionar, men støttar at gåvekorta går til dei Frp foreslår. Vi opnar for at òg detaljhandel kan søkja.

Asle Olsen (SV) gav støtte til Frp og kom med forslag om tillegg.

– Vi vil støtta Frp sitt forslag. Vi òg ville auka til 3 millionar, og synest det er eit fint forslag med kven som får gåvekorta, det kom vi ikkje på sjølv. Vi ønskjer å koma med eit tillegg, at ordninga er open for heile næringslivet, så lenge dei kan dokumentera nedgang som følgje av koronapandemien.

Nils-Anders Nøttseter (MDG) sa han ville støtta Frp, men legga til ei vekting på mengde tilsette og at støtteordningane seinare skal opp i formannskapet for evaluering.

Det gjekk til votering:

  • Høgre sitt framlegg fekk Høgre og Lekven sine røyster og falt.
  • Frp sitt framlegg blei samrøystes vedtatt

Tillegget til SV fekk tverrpolitiske stemmer, til saman 7, og falt.

Frp sitt framlegg (samrøystes vedtatt):

Bjørnafjorden kommunestyre vedtek å opprette ei tiltakspakke for lokalt næringsliv som følgje
av covid-19 og innføring av lokal forskrift om smittevernstiltak i Bjørnafjorden kommune.

Tiltakspakka får ei ramme på 3 millionar kroner fordelt på:

a). 1 million kroner til kjøp av gåvekort hos lokalt næringsliv - gåvekort a 500 kr blir delt ut til arbeidsledige (ca 800 personer), mottakarar av sosialhjelp (ca 500 personer), minstepensjonistar (ca 550 personer)

b). 1 million kroner til kjøp av gåvekort hos lokalt næringsliv – gåvekort a 500 kr blir delt ut til tilsette i Bjørnafjorden kommune (ca 1800 personar).

c). 1 million kroner til eit omstillingsfond som lokalt næringsliv kan søke inntil 50 000 kroner frå.

Tiltakspakka skal i særleg grad rette seg mot eksisterande næringsliv innan servering, reiseliv, passasjertrafikk, trening og velvære.
Kjøp av gavekort i tiltak a) og b) vert differensiert etter storleik på lokale verksemder innan servering, trening og velvære.

Tiltakspakka blir finansiert med ekstra midlar tilført rammetilskotet vedr korona-pandemien.

MDG sine to tilleggspunkt blei samrøystes vedtatt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.