Raskast i både Osløpet og Langedalen Opp
130 deltakarar på bratt søndagstur: Thomas skulle berre heia på pappa, men spurta opp til mål saman med turklassen.
Søndag blei motbakkeløpet Langedalen Opp arrangert.
Konkurranseklassen (2000 meter og 150 høgdemeter frå Vinddalsvatnet) samla 36 deltakarar (mot 33 i fjor).
Vinnarane og bildeserie frå konkurranseklassen ser du her.
I turklassen var det heile 94 deltakarar.
– Fint vêr hjelper på. I tillegg hadde vi medaljar til alle, det kan ha vore med på å lokka endå fleire til å delta, seier Erik Tysse frå Søfteland TIL.
– Vi hadde søkt om KUP-midlar til premiering. Vi fekk ikkje midlar, men fekk til å stilla med medaljar likevel.
Thomas var raskast i både Osløpet og Langedalen Opp
Turklassen starta klokka 14, konkurranseklassen klokka 14.15. Dermed var det godt med publikum i målområdet. Drikkestasjonen var flytta frå målområdet og fram til den meir publikumsvenlege siste kneiken før flaten og spurten.
Internt i idrettslaget var både friidrettsutøvarar og fotballspelarar oppmoda om å stilla.
Fleire tok dette som ein tur, men det var òg mange unge som pressa seg opp løypa.
Raskast av alle var Thomas Heggland Sælen, som i august vann klassen 7-9 år i Osløpet.
Han skulle i utgangspunktet berre heia på pappa Tore, som kom på 2. plass i konkurraseklassen, men meldte seg på sjølv òg.