Brann og beredskap | 09. juli 2021

Raske vitne hindra stor dekkbrann

Politiet har oppretta sak etter brann i dekk bak verkstad.

Raske vitne hindra stor dekkbrann
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. juli 2021 21:09

Politi og brannvesen rykte ut til Carfix ved Uno X i 22.35-tida fredag kveld.

– Dekket låg saman med fleire andre. Dette kunne resultert i mykje forureining og ein krevjande sløkkejobb, seier utrykningsleder Yngve Eriksen frå Bjørnafjorden brann og redning.

– Det ville blitt fare for spreiing. Dekk brenn med høg temperatur, gir mykje røyk og ein giftig gass.

Fleire forbipasserande svingte inn på staden etter at brannen blussa opp.

Ein av dei heldt pusten og drog det brennande dekket vekk frå dei andre.

– Dekket var sløkt då vi kom fram. Vi dynka resten av haugen med dekk med vatn for å vera trygge på at den ikkje hadde spreidd seg.

Minst éin ungdom skal ha blitt observert ved brannen.

– Ingen blei skadd i brannen, seier vakthavande politibetjent på staden.

– Men vi har oppretta sak. Det er mogleg at den er påtent.

OPPDATERT: Kort tid etter å ha avslutta på staden fekk politiet kontroll på nokre ungdomar som kan vera knytt til brannen. Dei var framleis i nærleiken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.