Lokal | 22. juni 2020

Reagerer på bading og leik i båthamna

– Ei generell utfordring, seier styreleiar.

Reagerer på bading og leik i båthamna
Svømming med badeleikar på tvers av den travle båthamna har skapt reaksjonar. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. juni 2020 10:08

Med fleire godvêrsdagar frå pinsen og utover i juni, er det ikkje berre i Mobergsvikjo det har samla seg folk. Eldre ungar og ungdomar ligg tett på bryggene utanfor Os Sjøfront, og nokre av desse var fredag på ein svømmetur som fleire reagerte på.

– Båttrafikken går stort sett på låg fart i Os hamn, men svømmarar og folk som padlar på badeleikar kan vera vanskelege å sjå.

Han har kontakta leiar i sameiget, Per Eide-Olsen, og ytra si bekymring.

– Her er dei på ville vegar, meiner styreleiar. (Lesarbilde)
– Her er dei på ville vegar, meiner styreleiar. (Lesarbilde)

– Ein uheldig kombinasjon

– Om du driv leik mellom bølgedemparane, så er du på ville vegar, seier Eide-Olsen.

Han ber ungdomen vera meir varsam, så dei ikkje utset seg sjølv for fare, eller utset båtførarar for den ubehagelege opplevinga det kan vera å skada andre.

Det er både faste båtplassar og gjestehamn innanfor moloen.

– Generelt blir bryggene utanfor Os Sjøfront brukt mykje til bading. Den mest populære plassen, nærmast Oseana, ligg svært tett på flytebrygga for gjestar, der trafikken er høgast. Det er ein uheldig kombinasjon, og det er noko eg tidlegare har tatt opp med ordførar og lensmann.

– Eg er ingen tilhengar av forbod eller overdriven skilting, men sånn det er no så ser det utrygt ut for dei badande.

Få meter skil gjestebrygga frå badebrygga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Få meter skil gjestebrygga frå badebrygga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

At aktivitet fører med seg noko støy i form av både roping og musikk, merker innbyggarane i di drygt 80 leilegheitene òg.

– Det høyrer med når vi har valt å bu ved ei offentleg brygge, og ungdomane er heldigvis greie å prata til, om dei sleper med seg ein stor høgttalar for å ha fest her rundt midnatt.

– Men det er klart ei ulempe at dei finaste dagane er prega av støy, og mange opplever at dei ikkje kan bruka balkongane sine når vêret er på det beste.

Børsta støvet av gamle skisser?

Det er naturleg at sentrumsnære Mobergsvikjo friluftsområde, og den offentlege brygga som knyter sentrum saman med Mobergsneset og fjøra, er populær for born og unge.

Men to element skil seg spesielt ut som modent for forbetring - ved sidan av at fundamentet til dagens stupebrett ser ut til å vera modent for fornying.

Stupebrettet står på svakt fundament. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Stupebrettet står på svakt fundament. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Før Storbergen Boligbyggelag brukte 1,5 millionar på opprusting av Mobergsvikjo (ferdig i 2012), spurde vi kva forbetringar som skulle koma - og gav sjølv blant anna dette forslaget:

«Passasje mellom stupebrett/Oseana-parkering og fjøra: Dette har vi tru på ligg inne i planane, Hestetun nemte «strandpromenade» då ho kom med midlane og vi håper at vi i framtida kan gå mellom fjøra og stupebrettet utan å gå gjennom uterestauranten. Restauranten har hatt godt besøk kvar gong vi har vore nedom Oseana eller Vikjo, både dei som spring i badebukse eller dei som sit og et kan bli brydd av at restauranten er lettaste veg mellom strand og stupebrett. Også dei som er på søndagstur, kanskje med hund, bør ha alternativ passasje.»

Dagens problemstilling, med bading mellom båtar og støyande aktivitet langs balkongane i det store bustadkomplekset, kunne òg vore løyst.

I ein kommentar i 2018 til diskusjonar om taubane, pyramide og badstove i Os hamn, skreiv vi blant anna dette:

«Kva med å bygga ein platting eit stykke ute på moloen, retning Vikjo/Giljavegen, med tilhøyrande stupetårn på 5 eller 10 meters høgde? Legga til rette for litt action, noko for ungdomen, ikkje berre ting som er kjekke å sjå på for vaksne på vandring mellom kaffikopp og konsert. I sommar låg ungdomen på plattingen langs Oseana sin uterestaurant, der vaksne sit og drikk øl eller tar seg ein lunsj. Dei ville nok sett pris på å ha ein plass på større avstand frå småungar og gamlingar. Bruken av badebrygga som har lagt utanfor stupebrettet viser det.»

– Ei forgreining på moloen var inne i dei opprinnelege skissene, men blei tatt ut, fortel Eide-Olsen.

– Eg veit ikkje korleis timinga er å koma med eit sånt forslag no, med tanke på den vanskelege kommuneøkonomien, men det ville nok blitt ei god løysing.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.