Reagerte på nattleg dronefilming
Gatebilklubb skulle berre filma bilane om natta. Det tykte ikkje politiet var så lurt.
Litt før midtnatt fekk politiet melding får ein huseigar i Laksavegen om ei drone som flaug rundt husveggen og tilsynelatande filma.
– Patrulja rykte ut og traff dei som styrte drona. Det var ein 22 år gamal mann som var saman med det som viste seg å vera ein gatebilklubb, fortel Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
På gjennomreise
RV555 Gatebilklubb var nemleg på gjennomreise og hadde tatt ein stopp på Osøyro.
– Det var omlag 70 bilar som var samla. Droneflygaren fortalde at han berre skulle ta eit oversiktsbilde av bilane som var samla.
– Han fekk beskjed om at det ikkje var greitt å filma og ta bilder på natta og fekk pålegg om ikkje å gjera det igjen. Bilane køyrde vidare frå Os til Arna. Så vidt vi veit var ingen av dei som var med frå Os.
Øving pågår
Kolltveit fortel også at politiet har fått melding om militær øvingsaktivitet på Ulven.
– Den vil gå føre seg gjennom helga ved Ulven leir og tilstøtande områder, mellom anna ved Lidl-lageret, så om folk observerer aktivitet i området, så er det berre forsvaret som øvar, avslutter Kolltveit.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.