HM Johnsen - Oseana 2018

Realiserte draumen saman

Medlemmane i HM sitt storband løfta kvarandre.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag samla HM Johnsen sin trio, med sju gjestemusikarar, rundt 200 publikummarar til ein konsert som lokka fram både verbale utbrot og spontan applaus mellom solo på alt frå trommer og bass til, trompet og, sjølvsagt, sjefen sin gitar.

Knapt 22 år gamle Hans-Marius er sjefen. Han ville realisera draumen om å spela for 200 gjestar i Oseana sin storsal. Han satsa på noko få andre, meir etablerte, lokale artistar har klart før. På eigne bein å lokka nok publikum ein konsert som denne verdig.

Og for ein sjef!

Låtskrivaren, vokalisten og gitaristen fekk vist kva han kan, åleine, saman med resten av trioen, Sigurd Steinkopf (trommer) og Jone Finne Kuven (bass). Fleire gongar der kameratane fekk skina mest. Den gode kjemien var synleg. Og høyrbar.

Responsen kom spontant, midt i låten eller midt i ein solo på gitar, trommer, bass eller trompet.

Konserten starta med lyden av ein mustang i ein intro HM har komponert til nettopp denne kvelden. Så fyrte originalbesetnaden i gang. Trioen fekk visa kva dei kan åleine før gjesteartistane blei henta på scenen. Først det store jazztalentet Ørjan Hammer (trompet), seinare resten av gjestemusikarane; Kim Gulbrandsen (keybord) og Kjetil Osablod Grønvigh (trommer) - og koret, som besto av Hans-Marius sin sambuar Helene Waage og Fonos-damene Stine Kobbeltvedt, Hege Kathrin Varhaug-Lekven og Lise Renee Aase.

Publikum fekk det dei ba om då dei applauderte inn til ekstranummer - og etter siste strofe var det ei lita gruppe som nærmast storma scenen for å dela ros og superlativ til både HM Johnsen og til resten av salen.

– Det vi har vore vitne til i kveld er av internasjonalt kaliber!

 

Fleire saker