Næringsliv | 11. des. 2015

Realitets-testar Lyseparken

Har fokusert meir på infrastruktur enn konsept. – Dette må vera på plass før vi kan diskutera innhaldet, seier Fredrik Seliussen.

Realitets-testar Lyseparken
Utviklingsdirektør Fredrik Seliussen og areal- og eigedomsutviklar i OBE Paal Herland har den siste tida forkusert på infrastrukturen i Lyseparken (Foto: CV)
Cathrin Valestrandfredag 11. des. 2015 13:12

Utviklingsdirektør Seliussen og eigedomsutviklar Paal Herland i OBE har brukt den siste tida på «masseminimering» i Lyseparken - ikkje konseptval, seier Seliussen og svarar dermed på kritikken frå Tone Hepsøe.

Les óg: Etterlyser open dialog om Lyseparken

– Det stemmer at der ligg ein epost frå oktober som eg ikkje har fått svart Hepsøe på. Det beklagar eg, men eg vil ta kontakt og avtale eit møte så snart det let seg gjere, sidan konseptfasen står føre oss no framover. Ho har mange gode og spenstige meiningar som eg gjerne vil lytte til, seier han.

– Dei fysiske tilhøva har stått i fokus i det siste, ikkje det konseptuelle. Det har vore slik at behovet for utfylling av massar er ganske stort innanfor planområdet. Os kommune sit med 719.000 kvadratmeter areal i Lyseparken. Det er rimelig mykje. Det har vore viktig for oss å minimere bruken av fyllmasse, det er jo noko vi må kjøpe. Gjennom hausten har vi hatt god dialog med vegvesenet for å kartleggja massebehovet.

– Vi har teke utgangspunkt i skissene/konseptet frå ABO og gjort ei realitetsvurdering av det, legg Herland til.

Levande heile døgnet

ABO vann ein arkitektkonkurranse i 2013, som synleggjorde korleis det kunne bli.

– Vi ynskjer eit område som ikkje døyr kl 16.00 kvar dag, men som lever heile døgnet. Vi ynskjer bustader, idrett, skule hand i hand med næringsliv, forskning og eventuelt offentlege arbeidsplassar. Både sosial infrastruktur og logistikk-infrasktruktur må vera på plass, seier Seliussen.

– No er ikkje reguleringsplanen venta ferdig før i 2017, så det er farleg å binda seg for fort. Men det er viktig at vi får ettergått og realitetssjekka alle tilhøve.

– Vi har fått beskjed om at det ikkje vert opna for jobbing før 2018, og den sørlege delen får vi ikkje tilgang til før 2021. Der skal Veidekke ha brakkeriggen sin i anleggsperioden. Men no prøver vi å vera i forkant, så vi slepp å gå inn og gjera på nytt arbeid som alt er gjort når vi får tilgang på arealet. Planar for vatn og kloakk er døme på dette, forklarar Herland.

Enorme trafikktal

– No har vi fått utført ei «trafikkteljing», og driv å testar funna opp imot dei vegane som er planlagt i området. Denne viser eit estimert tal på 18.000 bilar i ÅDT, medan på fylkesvegen inn i parken og mot Lysefjorden er estimert ÅDT på 46.000 bilar. Å løysa utfordringar knytt opp imot logistikk er noko av det viktigaste ein gjer for at dette området skal verta attraktivt både å etablera seg i og bu i, meiner Seliussen.

Til samanlikning syner tal frå Statens Vegvesen at trafikken over Danmarksplass på E39 er vel 60 000 ÅDT.

– Med omsyn til den nye Lyseklostervegen er det sett av stein til denne, og det einaste som manglar er at den blir godkjent i fylkeskommunen.

– Med omsyn til ÅDT, har nok dette vore veldig forsiktig prosjektert tidlegare. Men dette er praktiske ting som legg føringar for bruk og utvikling. Alt dette vil verka inn på parkering, kollektivnett, innfartsparkering og vidare, og vi må sjå desse utfordringane og tenkje heilskap i det vi gjer.

Jomfrueleg område

Herland seier det vert spanande framover.

– Vi kan ikkje drive copy-paste på eit slikt område. Her må vi tenka nytt, og finna på noko uprøvd. Her gjeld det å samla arbeidsintensive kompetanse-arbeidsplassar. Det er stor interesse både blant eigedomsinvestorar og potensielle etablerarar, seier han.

– Over nyttår trer ei prosjektgruppe i kraft, som i hovudsak skal kvalitetssikra og ettergå planar for etterbruken, høgder, vegar og vidare. Då skal planen på vatn og kloakk spikrast. Planen må leggjast før vegvesenet tek området i bruk. Det er viktig at vi får kvalitetssikra og kontrollera kvarandre med tanke på etterbruk av området.

- Generelt sett tenkjer eg at det er fornuftig av kommunen å sitja på området så tett opp i ferdigstilling som mogleg. Rett og slett vera med lengst mogleg. Og det er ein diskusjon ein er på full fart inn i no - om kommunen vil måtte selga stykkevis for å realisera investeringane eller om ein klarar å gjera desse på eigenhand.

Grøn paraply

Seliussen seier at tanken om den grøne paraplyen over Lyseparken har vore høgaktuell i fleire år.

– Og dette er ikkje lagt på is- tvert om. Politikarane i Os er i stor grad enig i konsept-tanken. Vi kan leggja tilrette premiss, og leggja til rette for næringsklyngjer slik at det i stor grad styrer kva vi har i parken. Vi må velja ei retning og eit konsept og vera tru mot det.

Han seier vidare at det burde heller ikkje vera umuleg å klara å samla forskningsmiljø, knytt til dømes til fornybar energi og klima, i Lyseparken.

– Alle tener på å vera i nærleiken av likesinna, og kan dra synergiar frå det. Eg vil absolutt tru at det er interesse for å samlast i fagmiljø, og Lyseparken vert sentralt i høve både Bergen og E 39.

– Det er så store grøntareal i Lyseparken, tilrettelagt med turstiar og andre ting at parken blir vel grøn uansett, ler dei to.

Stort og konkret

– Generellt sett, når det gjeld heile Lyseparken må vi våga å tenkja stort nok og tenkja utradisjonell, seier Herland.

– Det er no framover det byrjar å konkretiserast. Vi har hatt ein visjon i mange år, men no byrjar vi å konkretisera ned til ein realiserbar plan. Om ikkje lenge går vi inn i viktige fasar: Kva næringar vil vi ha, eller paraply om ein vil, økonomi, realisering og marknadsføring.

Var det ikkje frist for å lansera konsept tidlegare i år?

– Nei, det har ikkje vore sett noko frist på dette. Men konsept har vore diskutert i styret. Dei landa på å ikkje setla eit konsept enno fordi det er for mange usikre moment.

- Tida er ikkje heilt moden for å låsa seg til eit konsept og byrja å selja ut enno, avsluttar Seliussen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.