Kultur | 08. nov. 2012

Red Lady?

På moloen ved gjestehamna har det dukka opp ein raud "gallionsfigur". Kva er det, og kor kjem den frå?

Red Lady?
Cadmium Red Venus av den ukjende kunstaren Vag (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 08. nov. 2012 13:08

På veg ut i eit anna oppdrag oppdaga denne journalisten plutselig ei raud dame som sto så lett lent mot steinane i moloen ved den nye industrihamna i Os sentrum.

Var det ein gallionsfigur som hadde ramla av ein båt eller var det nokre som hadde plassert ho der med vilje?

Ein telefon til kunstnarmiljøet i Os avslørar, om enn løydomsfullt.

- Det er ein litt løyndomsfull kunstnar som kaller seg Vaag.

- Statua heiter Cadmium Red Venus ifølgje det eg veit, men du må ikkje seie at du har fått det frå oss.

Vaag skal ifølgje informanten lika å uttrykka seg i raudt. Om det kjem fleire verk frå den handa andre plassar i bygda står det att å sjå.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.