Tommy Aasen saman med Anne Brimsholm og Iselin Møller på Bunnpris. Også måsane står klare til fiskekonkurranse laurdag. 

Redd Barna Cup reddar fiskekonkurransen

Det blir ikkje Kystsogeveker i Os i år. Men fiskekonkurranse i Øyane blir likevel stabla på beina.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Kystsogevekene, eller «Kystkultur no!», som dei no heiter, involverer 30 kystkommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane, og skal vera blant dei største kulturarrangementa i Noreg.

I Os har fleire arrangement lagt seg under kystkulturparaplyen i over 10 år, men i år står Os kommune med blankt program. Det same gjer Fusa.

Midtsiden har ikkje lykkast i å nå verken Kjell Magnus Økland i Kystkultur no! eller nyleg påtroppa kultursjef i komande Bjørnafjorden kommune, Erik Vangsnes.

Men i Øyane har dei tatt grep.

Lager fiskekonkurranse likevel

Fiskekonkurranse med premiering på Bunnpris Vedholmen Landhandel har dei siste åra vore opninga på Kystsogevekene i Os.

Os Småfiskalag, som i 2016 skifta namn til Os Fritidsfiskarlag, har stått for organiseringa.

– Inglaug Brimsholm skal ha ringt og purra på program til årets arrangement, men fekk ikkje veta at det ikkje blir noko av før rett før helga, fortel Tommy Aasen.

Aasen er mannen bak Redd Barna Cup. Han har mobilisert sambygdingar før, og blei utfordra av butikkdrivaren til å organisera fiskekonkurranse likevel.

– Bunnpris stiller med premiar. Vi i Redd Barna Cup fekk med oss Søre Øyane Sanitetsforening til å organisera konkurransen.

– I same stil som før

Laurdag (frå 11.30) blir det fiskekonkurranse med same klassar (under 10 år, 10-16 år og eldre enn 16 år) som før.

– Det blir i same stil som før, med vaflar og suppe på kaien, og premiering til dei som får størst fisk og mest fisk i kvar klasse, seier Tommy.

I fjor var det 70 deltakarar i fiskekonkurransen, som tidlegare år òg har hatt over 100 unge og vaksne fiskarar ute med snøret.

Sjå bildeserie og resultatliste frå 2018.

 

Fleire saker