Lokal | 15. feb. 2012

Redd for ope sal

Ervikane skal seljast. - Det kan bli nødvendig å agera fort, sa Søviknes i kommunestyremøtet.

Redd for ope sal
Ervikane er ein populær badeplass på fine somardagar (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 15. feb. 2012 11:41

Då kommunestyret tysdag skulle godkjenna planprogram for kommunedelplan for idrett og friluftsliv stilte Harald Døsen (Ap) spørsmål om kva kommunen har gjort og kva ein vil gjera i høve til at Statskog har varsla at dei vil selja fleire skogeigedommar i Os, mellom anna Ervikane.

- Ervikane er det mest prekære i høve til tidsaspektet. Om det ikkje kjem ei anna avklaring blir området lagt ut for salg 4. mai, orienterte ordførar Terje Søviknes (Frp).

Statskog skal avhende fleire områder rundt i landet, mellomanna eit omlag 1000 mål stort område i Ervikane inkludert Oksebåsen og Vetlaneset.

- Vi har hatt ein kommunikasjon med Direktoratet for naturforvaltning, Bergen- og Omland Friluftsråd og andre i høve til om direktoratet kan nytta lovverket til å kjøpa eigedommen på forkjøpsrett.

- Sidan det ikkje er verneverdig, men drivverdig skog, tyder mykje på at dei ikkje kan gå inn med forkjøpsretten, forklarte Søviknes.

- Det betyr at det kan bli naudsynt for kommunen åleine eller saman med andre å engasjera seg i kjøpet.

Fryktar sal i den opne marknaden

Søviknes fortalde at det dei frykta mest var at eigedomen blei lagt ut for ope sal og kva vilkår som då blei lagt fra landbruksmynde si side.

- For å vera på den sikre sida har eg i samråd med Åge Landro hos BFO fremma ein søknad til fylkeskommunen for å få statlege midlar til eit eventuelt kjøp.

- Det kan blir naudsynt for formannskapet å agera fort om situasjonen blir at vi må gå inn på kjøparsida, meldte Søviknes.

Når det gjalt sjølve saka fremja Døsen òg forslag om at ordet "friluftsliv" skulle takast inn i tittelen på kommunedelplanen og at ein representant med kunnskap innan jakt og fiske skulle få plass i styringsgruppa.

Begge desse forslaga fekk full tilslutning frå kommunestyret og planen blir no heitande "Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2013-2020".

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.