Lokal | 11. nov. 2012

Redda ned frå fjellet

• Turgåar henta med helikopter• Mann lagt i jern på nattklubb• Varebil lasta lovleg gods

Redda ned frå fjellet
Luftambulansen på veg til fjells mellom Møsnuken/Tøsdalsfjellet og Borgafjellet i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 11. nov. 2012 11:23

Laurdag i 14.30-tida var det redningsarbeid på Tøsdal.

Luftambulanse kjørte til dalen mellom Møsnuken og Borgafjellet med båre hengande under helikopteret.

Verken brannvesenet eller politiet i Os var involvert eller informert, så Midtsiden kjenner ikkje til skadeomfang, kjønn eller alder på den som eventuelt blei henta ned frå fjellet.

Utlendingar lasta i varebil

Om lag til same tid fekk politiet fleire tips om utlendingar som sto og lasta i ein varebil, som blant anna var fylt med dekk, felg og ein ATV.

– Vi svingte innom på Uno X, der dei sto og lasta varene over frå ein hengar til ein varebil. Alt var ok, stadfestar politibetjent Rune Fimreite.

Fekk ikkje overnatta i arresten

Det har vore ei roleg natt til søndag i Os sentrum, men ved eitt tilfelle måtte politiet ta i eit tak.

– Vi fekk melding frå vaktane ved Irish Cat at dei hadde lagt ein vanskeleg gjest i jern.

– Arresten i Bergen var full så vedkomande blei kjørt heim, fortel operasjonsleiar Hans Eirik Thue til Midtsiden.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.