Lokal | 26. sep. 2011

Redda seg ut av hus i brann

Einesbustad overtent på Mobergslio: Familie redda seg ut av hus i brann.

Redda seg ut av hus i brann
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. sep. 2011 05:19

Litt før klokka 6 måndag morgon blei Os brannvesen varsla om brann på Mobergslio.

– Ei kvinne og tre barn var i huset, men alle kom seg uskadd ut, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Preben Wallestad til Midtsiden.no.

Meldinga gjekk i utgangspunktet ut på brann i bil, men då brannvesenet kom fram var det full fyr i huset.

– Vi var på staden klokka 6.04. Då var bustaden fullstendig overtent, fortel brannsjef Stein Gjøsund til Midtsiden.no.

Fem nabohus evakuert

Fram til resten av mannskapa og tankbil var på plass konsentrerte Gjøsund seg om å varsla naboar.

– Det var ikkje fare for spreiing av brannen, men det var kraftig røykutvikling frå brannen.

– Allereie på Halhjemsvegen møtte vi mykje røyk. Då vi banka på dei to nærmaste nabohusa velta det røyk inn i bustaden og folk hadde nesten problem med å koma seg ut.

Trengte ekstra tankbil

Os brannvesen rykte ut med 12-14 mann. Etter å ha slått ned brannen utvelding blei to røykdykkarlag sendt inn for å driva vidare sløkking.

– Vatn er ei utfordring på Lio så vi rekvirerte tankbil frå Fana i tillegg til vår eigen. Tankbilen frå Fana gjekk i skytteltrafikk og fylte på vår tankbil.

Store skadar

Brannen er sløkt, men eit lag held vakt utover formiddagen i tilfelle re-tenning.

Stove, kjøkken og gang i hovudetsjen er heilt utbrent, det er også loftet. Kjellaretasjen har større vasskadar.

Brann nummer to

Politiet driv no etterforsking for å finna brannårsaka. Området er sperra av.

Også fredag ettermiddag var det brann på Mobergslia, og lensmann Rasmus Dalen stadfestar at det var same hus som det brann i dag.

– Vi har kopla inn krimteknisk for assistanse med etterforskinga, men det er førebels ikkje grunn til å sjå noko samanheng mellom dei to brannane, seier Dalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.