Lokal | 06. sep. 2015

Redningsaksjon i Øyane

Det pågår omfattande søk på sjøen og på land etter rop om hjelp og funn av kajakk utanfor Sundøytangen.

Redningsaksjon i Øyane
Ropinga blei høyrd av ein hytteeigar ytst på Sundøytangen. Redningsmannskap og hundar søker på sjøen og på land. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 06. sep. 2015 21:19

Bildeserie:

Innsatsleiar Ivar Kvant. (Foto KVB)
Innsatsleiar Ivar Kvant. (Foto KVB)
Det blir søkt med fleire båtar. (Foto: KVB)
Det blir søkt med fleire båtar. (Foto: KVB)
1 av 2
Innsatsleiar Ivar Kvant. (Foto KVB)
Det blir søkt med fleire båtar. (Foto: KVB)

Det pågår ein redningsaksjon i Vestrevågen etter at det i 23-tida blei slått alarm.

Politiet opplyser at nokon skal ha høyrd rop om hjelp frå sjøen.

– Eg kan ikkje seia noko meir no, vi er på staden og driv søk, seier vakthavande hos Os brannvesen.

Luftambulansen skal ha funne ein velta kajakk og ei åre.

– Fleire deltar i søket

Vestrevågen ligg ved Sundøytangen/«Tongane» på Røttingen.

– Først kom ambulanse og legebil, no er brannvesen, fleire politibilar og helikopter på plass.

– Private har også stilt med båtar og dei driv søk i vågen og ut mot fyret, seier Midtsiden-journalist Kari Marie Lyssand, som bur i området.

Oppdatert kl 00.15: Midtsiden er på staden. Søk pågår framleis både med hundepatruljar på land og med fleire båtar, blant anna ei ferje.

Oppdatert kl 00.25:

– Det har vore rop frå sjøen og vi har funn ein tom kajakk og ei åre. Vi søker no med fleire hundepatruljar og fleire båtar, fortel innsatsleiar Ivar Kvant.

– Kvifor er ikkje helikopteret her lenger?

– Helikopteret tok overflatesøk i heile området som vi finn relevant, og blei så sendt i retur.

– Kva skjer vidare?

– Vi held fram søket og har bedt om nokre fleire ressursar, som er på veg, seier Kvant.

Kystvakten og Sivilforsvaret er på veg til staden.

Søket på sjøen går no utanfor Røtinga og Vestrevågen, Strøneosen og Ervikane, langs land og på fjorden.

Politibåten Kjølen, Redningsskøyta Bjarne Kyrkjebø, KV Ålesund og minst to båtar frå Røde Kors søkjer i området.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.