Kultursjef Lisbeth Axelsen greidde ut om den planlagde markeringa for formannskapet i dag. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

«Redningsbragd i Os» fekk 100.000,-

I år er det 75 år sidan eit kanadisk fly naudlanda på Haugland - dette skal markerast i tre dagar til hausten.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Ei av sakene under dagen møte i formannskapet er ein søknad om tilskot til 75-årsmarkering av ei dramatisk hending i Os.

I år er det 75 år sidan eit kanadisk fly naudlanda på Haugland og besetninga på seks vart halde skjult i ein periode på 14 dagar ulike stadar i Os.

Tidlegare markert

Heltedåden som vart utført av lokalbefolkninga og den hemmelege norske militærorganisasjonen Milorg, har vorte markert i Os fleire gongar tidlegare i regi av Os Turlag, dette i samarbeid med Os kommune.

Redningsbragda vart sist markert i 2004, då var det 60 år sidan dei dramatiske dagane. 

Den gongen var ein frå besetningen tilstade, Harvey Firestone, og han avduka ein merkestein på Baggahaugen på Haugland.

Os Turlag og Os Sogelag i samarbeid med Os Rotary er no i gang med planlegginga av eit arrangement i tråd med tidlegare markeringar.

Årets markeing er planlagd å gå føre seg frå fredag 4. til søndag 6. oktober 2019.

Tur med «Snøgg»

Programmet er framleis under planlegging, men arrangørane vil at motorbåten «Snøgg» skal spela ei vesentleg rolle i markeringane.

«Snøgg» vart nytta til å frakta det kanadiske flymannskapet i sikkerheit.

Det er venta canadiske gjestar til markeringa, og ein tur med «Snøgg» i delar av den same ruta som forfedra deira vart frakta i, er noko arranngørane vil skal skje på fredagen.

Ope arrangement på Haugland

Arrangørane ser vidare føre seg at det på laurdagen vil vera eit ope arrangement på Haugland med kransenedlegging på minnesmerket etter naudlandinga.

Dette vil skje med inviterte gjestar frå mellom anna canadisk militærattaché, canadisk ambassade og norsk militære.

Seinare på ettermiddagen vil det vera ei offentleg markering i Oseana for dei inviterte med servering, kulturinnslag, samt taler og innslag frå gjestane. 

Botnahytta på søndag

På søndagen ønskjer arrangørane å få til ein «Little-Canada-marsj».

Dette inneber organiserte turar til Botnahytta, frå både Øvredalen og Rolvsvågen.

Røde Kors og turleiarar vil følgja begge rutene opp til Botnahytta der kanadiarane var halde skjulthausten for 75 år sidan.

Midlane som det vert søkt om, skal nyttast til istandsetjing av «Snøgg», motorbåten som kanadiarane vart frakta bort i, leige av minibuss for å frakta etterkomarane etter flybesetning, annonsering, samt leige av lokale og bevertning i samband med arrangement i Oseana.

Kort debatt - ja

Både ordførar og varaordførar har på førhand vore i kontakt med med «eldsjelene» som ønskjer å få til markeringa, og i saksdokumenta til formannskapet låg det allereie ei positiv innstilling om å støtta markeringa med 100.000 kroner, dette teke frå formannskapets disposisjonsfond.

Nils-Anders Nøttseter (MDG) ville først veta kva midlar som var tilgjengeleg på formannskapets disposisjonsfond.

Etter litt hektisk graving på pcen kunne rådmann Christian Fredrik Fotland opplysa formannskapet at det i dag står 1,8 mill på fondet.

Glenn Erik Haugland (V) sa at dette var ein flott og spesiell søknad, men ville veta om det var Os kommune og kultureininga som var å rekna  som arrangør.

Dette vart stadfesta av kultursjef Lisbeth Axelsen, som vidare understreka at initiativet kom frå eldsjelene i Os Turlag, Os Rotary og Os Sogelag, men at ein var samd om at det var best om Os kommune og kultureininga stod som formell arrangør i eit samarbeid.

Glenn Erik Haugland nytta siste replikk til å ytra eit ønske om at prisen folket på Haugland og Søre Neset måtte betala, måtte takast med i historia og arrangementet.

Helge Steinum (Ap) villle veta om skulane i nokon grad ville ta del i den planlagde markeringa, noko kultursjef Axelsen ikkje kunne svara heilt konkret på;

– Programmet er framleis under planlegging, men ja, det blir trykt opp eit hefte som er planlagd distribuert, utan eg veit eksakt kva alderstrinn eller skulenivå det skal rettast mot.

Formannskapet gjekk til slutt samrøystes inn for å støtta markeringa med 100.000 kroner.

Fleire saker