Lokal | 18. okt. 2016

Reduserer tal på flyktningar

Fylkesmannen reduserer talet på flyktningar han ber Os kommune ta i mot i 2017 frå 45 til 40. Hittil har Os tatt imot 35.

Reduserer tal på flyktningar
Kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap, Nils-Petter Borge (bak t.v) presenterte i dag brevet frå fylkesmannen kor han reduserer talet på flyktningar Os skal ta imot (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 18. okt. 2016 11:39

I tertialrapporten for 2. tertial kjem det fram at Os kommune så langt i år har tatt imot 35 av dei 45 flyktningane dei fatta vedtak om i samband med budsjettet i fjor haust.

– Vi har så langt i år tatt i mot 35 flyktningar. Hovudtyngda av busettinga har skjedd etter ferien. Tilbakemeldinga frå dei som arbeider med dette, er at det i all hovudsak går greitt. Nokre utfordringar fins det sjølvsagt, men med den auka bemanninga innan flyktningtenesta, er vi godt rusta til å ta i mot det talet vi skal, heter det i tertialrapporten.

Redusert til 40

I eit brev frå Fylkesmannen i Hordaland, datert 7. oktober, som formannskapet fekk framlagt tysdag kjem det fram at fylkesmannen reduserer talet på flykningar Os kommune skal ta i mot i 2017 frå dei vedtekne 45 til 40.

– I 2017 vil det vere behov for å busette 13 000 flyktningar i norske kommunar, kor av 1 100 er einslege mindreårigeunder 18 år. Om lag 40% av dei einslege mindreårige er under 15 år. Busettingsbehovet er lågare enn tidlegare plantal frå IMDi. Færre asylsøkjarar til Noreg og færre som vert innvilga opphald er hovudårsakene til at behovet har gått ned.

– Så langt har kommunane vedteke å busette i underkant av 10 000 flyktningar neste år.

– Os kommune har tidlegare vedteke å busette 45 flyktningar i 2017. Det nedjusterte busettingsbehovet gjer at vi ber kommunen redusere vedtaket dykkar til å busette 40 flyktningar i 2017, heiter det i brevet frå fylkesmannen.

Oppmodingstalet er utarbeidd i samråd med IMDi og KS. Ein ber samstundes om at det nye vedtaket ikkje inkluderer familiesameinte, eller har andre atterhald.

Formannskapet handsama ikkje saka, men tok brevet frå fylkesmannen til orientering.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.