Regnet kjem
Bruk måndagen og tysdagen godt, for på onsdag kjem regnet i følgje yr.no.
Måndag våkna osingane opp til strålande sol, nesten skyfri himmel og 14 grader. Det kunne gjerne vore nokre gradar varmare, men det er berre å nyte finvêret så lenge det varar.
Fint måndag og tysdag
I følgje vêrprognosane til yr.no skal det halde seg fint måndag og tysdag med sol, svak vind og temperaturar mellom 15 og 18 gradar. Nokre dråpar natt til tysdag kan vi rekna med, men før du står opp tysdag skal dei vere vekke.
Grei temperatur
Frå onsdag og ei veke framover er det slutt på sola og regnet kjem tilbake. I følgje varsela skal det kome mellom 3,4 og 14 mm nedbør kvar av dagane, mest på torsdag. Temperaturane skal halde seg greit med 15-19 gradar. Heller ikkje vinden blir mykje å snakka om, med laber bris mest heile veka.