Reiste seg etter ryggbrot

Laurdag 23. mai blei Gunnar Bøthun stygt skadd i ei sykkelulykke i Oslo. I dag, seks veker seinare, gjennomførte han Ironman 70.3 Haugesund.

Laurdag 23. mai blei Gunnar frakta til sjukehus med brot i ryggen, tre ribbein og ein arm. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 05. juli 2015 19:24

Bildeserie:

Målgang i Haugesund. Seinare i sommar står Axtri, Norseman og Uvdal for tur. (Privat foto)
Gunnar hamna i grøfta under oppkjøring til Norseman. (Privat foto)
I dag, seks veker seinare, gjennomførte han Ironman 70.3 Haugesund. (Privat foto)
Målgang i Haugesund. Seinare i sommar står Axtri, Norseman og Uvdal for tur. (Privat foto)
Gunnar hamna i grøfta under oppkjøring til Norseman. (Privat foto)
1 av 3
Gunnar hamna i grøfta under oppkjøring til Norseman. (Privat foto)
I dag, seks veker seinare, gjennomførte han Ironman 70.3 Haugesund. (Privat foto)
Målgang i Haugesund. Seinare i sommar står Axtri, Norseman og Uvdal for tur. (Privat foto)

– Akkurat no bryr eg meg ikkje om kva plass eg kom på, eg er berre glad for at eg klarte å gjennomføra, sa Gunnar Bøthun til Midtsiden etter målgang i dagens jernmann-konkurranse i Haugesund.

For seks veker sidan hamna han i grøfta med sykkel. Han hadde ein fart på 60 km/t då han merka at han ikkje ville klara svingen.

– Eg landa på bokstavleg talt på hovudet, hjelmen var knekt sju stadar og eg kjente at eg fekk brot i ryggen.

I tillegg til brot i ryggen rauk det tre ribbein og ein arm.

Ein månad på sofaen

I mars kom han på 76. plass av 15.800 deltakarar i Vasaloppet. I slutten av mai og i juni hadde han fleire konkurransar på planen - før dagens ironman og seinare i sommar; både Axtri, Norseman og Uvdal Triatlon, der han i fjor fekk 2. plass.

– Rett etter ulykka lurte eg på om eg i det heile tatt kunne driva med dette lenger.

– Men etter ein månad på sofaen med vond rygg og armen i gips så fekk eg lov av legen å byrja å trena igjen.

– Vondt å svømma

Treninga gjekk greit, men å svømma var ikkje enkelt.

– Det gjer framleis vondt, eg klarer ikkje å vri meg, så det blei ein litt spesiell stil på meg. Svømming er frå før min svakaste del av øvinga, sykling og løping går enklare.

Triatlon startar som kjent med svømming og Gunnar gjennomførte distansen på 00:39:02. Så kom to og ein halv time på sykkel før halvannan time løping.

Totalt brukte han 04:51:22 og landa på 35. plass i sin divisjon og 212 plass uansett klasse.

– Det var godt å få gjennomført, at ikkje Norseman, som er omtrent dobbel så hard, skulle vore første konkurranse etter skaden, seier Gunnar.

Gudmund Snilstveit frå nabokommunen Fusa hadde ein god dag i Haugesund og landa på 4. plass uansett klasse og fullførte på 03:58:16. Om vi samanliknar dei to sine tider ser vi at forskjellen er størst på nettopp svømming, der Gunnar brukte 39 brukte Gudmund 26. På sykkel var det 2,30 mot 2,11, på løping 1,33 mot 1,16.

Bror og svoger med på Axtri

Gunnar sin bror Sigurd, som også deltar i ulike langdistansekonkurransar, er blitt far sidan i fjor, og har derfor ikkje søkt plass i Norseman i år.

Men han er med på Axtri. Der var også søstera Ingrid og fjerdemann i søskenflokken, Øyvind, påmeldt. Øyvind fekk påmeldinga i gåve til 30-årsdagen.

– Eg er gravid og Øyvind og kona har termin den dagen, så vi måtte avlysa Axtri. Men eg sender sambuaren min, Tore, fortel Ingrid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.