Lokal | 01. des. 2012

Rekord i julestemning

VIDEO: Over 1000 osingar deltok i fakkeltog og opning av julegatene i Os sentrum fredag kveld.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 01. des. 2012 08:14

Bildeserie:

Lena Stigen frå Os Sentrumsforening delte ut faklar. (Foto: KVB)
Lena Stigen frå Os Sentrumsforening delte ut faklar. (Foto: KVB)
Stort oppmøte i Hamnevegen. (Foto: KVB)
Stort oppmøte i Hamnevegen. (Foto: KVB)
Alle dei 200 faklane blei delt ut. (Foto: KVB)
Alle dei 200 faklane blei delt ut. (Foto: KVB)
Så var det marsj inn til sentrum. (Foto: KVB)
Så var det marsj inn til sentrum. (Foto: KVB)
Musikk ved elevar frå Kongshaug Musikkgymnas. (Foto: KVB)
Musikk ved elevar frå Kongshaug Musikkgymnas. (Foto: KVB)
Kultursjef Lisbeth Axelsen sto for nedtellinga. (Foto: KVB)
Kultursjef Lisbeth Axelsen sto for nedtellinga. (Foto: KVB)
Lys på første forsøk. (Foto: KVB)
Lys på første forsøk. (Foto: KVB)
Så var det meir song og gang rundt juletreet. (Foto: KVB)
Så var det meir song og gang rundt juletreet. (Foto: KVB)
1 av 8

Fredag kveld var det fakkelfredag i Os, fakkeltog frå Vindu mot Fjorden til Os sentrum, tenning av julegrana, song ved elevar ved Kongshaug Musikkgymnas, gang rundt juletreet - og besøk av nissen.

Arrangementet, som blei supplert med fint snøvêr, hadde rekordmange deltakarar.

– Alle dei 200 faklane vi hadde blei delt ut og på tampen av arrangementet, då nissen kom, delte han ut 480 godteposar, fortel leiar i Os Sentrumsforening, Geir Amundsen.

– Det betyr at vi truleg hadde nærmare 1500 folk i sentrum i kveld, sa Geir etter julegrantenninga.

Også utstillinga av peparkakehus opna i går. Sjå eigen bildeserie her.

VIDEO: Sjå stemningsrapport frå Os sentrum fredag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.