Lokal | 08. jan. 2013

Rekord i utrykningar

Aldri har brannvesenet rykka ut fleire gonger enn i 2012. 229 utrykningar er ni fleire enn rekordåret 2010. Likevel er tala oppløftande.

Rekord i utrykningar
Eit naust på Skorpo var einaste bygnaden som blei fullstendig nedbrent i 2012 (foto: Varde Film og Media)
Andris Hamretirsdag 08. jan. 2013 08:48

Antalet brannar i bygnader auka med tre frå ti i 2011 til tretten i 2012. Likevel er brannsjefen ikkje uroa.

- Når vi ser på statistikken frå 2000 til i dag så ligg den på mellom 8 og 14 brannar i bygnader kvart år.

- Vi må ikkje då gløyma at folkeveksten og veksten av antal husvære har vore formidabel i løpet av dei same åra, så sånn sett var 2012 eit godt år, fortel brannsjef Stein Gjøsund i Os Brann- og redningsvesen.

Slik har brann i bygnader utvikla seg sidan 2000: 10 (-00), 11 (-01), 8 (-02), 11 (-03), 14 (-04), 9 (-05), 13 (-06), 9 (-07), 13 (-08), 7 (-09), 9 (-10), 10 (-11), 13 (-12).

Folk har blitt flinkare

Av dei tretten brannane i 2013 var det kun eit naust på Skorpo som blei fullstendig nedbrent.

- I dei andre sakane sløkte anten huseigar sjølv tidleg i branntilløpet eller vi kom såpass tidleg på staden at vi hindra storbrann.

- Mitt personlege inntrykk er at folk har blitt flinkare til å tenkje branntryggleik og også kva dei skal gjera om brann oppstår, seier Gjøsund.

Har tru på oppveksande slekt

Brann- og redningsvesenet held årleg foredrag og undervisning for elevar og ungar i barnehagar og skuler.

- Engasjementet ungane visar i undervisninga gjer meg stor tru på den oppveksande slekt.

- Eg trur ei er mykje meir bevisste på konsekvensane av uvettig oppførsel enn det folk på min og din alder kanskje er, smilar brannsjefen.

Ingen båtbrannar

Eit område som står utan registerte utrykningar er brann i båt.

- Dei tre siste åra har vi ikkje hatt ei einaste utrykning til brann i båt.

- Tidlegare år låg vi gjerne på 3-4 tilfeller i året.

- Eg tryr det kan skyldast at fleire har dieseldrevne båtar, noko som gjer at ein ikkje får brannar som følgje av kombinasjon bensindamp og gnister/røyking.

Trafikkulukker gått ned

Også antal trafikkulykker gjekk ned i 2012 samenlikna med tidlegare år.

- I 2012 har vi loggført 21 utrykningar til trafikkulukker mot 30 i 2010 og 26 i 2011.

- Det er gledeleg å sjå ein nedadgåande trend, men samstundes er det viktig å vera obs på at betre vegar gjerne gjev meir alvorlege ulukker.

- Når farten aukar blir konsekvensane fort mykje meir alvorlege enn ved lågare fart, åtvarar brannsjefen.

Flom gav formidabel auke

Det einskilde området som gav størst auke i 2012 var vannskader/flom.

- Der endte vi på 19 oppdrag mot 7 i 2011.

- Nå skal det jo seiast at 15 av desse skriv seg frå august, då Os flomma over, avsluttar Stein Gjøsund.

Dei største gruppene

Her er ei oversikt over dei største typene oppdrag Os Brann- og Redningsvesen rykka ut på i 2012:

First responder: 35
Trafikkulykker: 21
Vannskader/oversvømming: 19
Brann i bygnad: 13
Dykkaroppdrag: 6
Pipebrannar: 4
Brann i køyrety: 3
Gras-/lyngbrann: 2

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.