Rekordbesøk i Osbadet

33 prosent opp frå i fjor og 20 prosent auke frå toppåret i 2011. – Vêret har nok vore på vår side, seier dagleg leiar.

Dagleg leiar i Osbadet, Håkon Andree Egeberg Johansen, har grunn til å gle seg over tala frå februar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 04. mars 2014 08:52

Mildvêr, regn, vind og grått supplert med lite snø i fjellet har truleg vore medverkande til at februar blei rekordmånad i Osbadet.

– Omsetnaden auka med 33 prosent samanlikna med februar i fjor.

– Vi ligg også framfor 2011, som var rekordåret vårt, med 20 prosent, fortel Håkon Andree Egeberg Johansen, dagleg leiar i Osbadet.

"All time high" i januar

Starten på 2014 har definitivt vore god for badeanlegget på Kuventræ.

– Vi hadde ny omsetningsrekord også i januar. Då sette vi faktisk "all time high" uansett månad, men prosentvis så var auka i februar høgre.

Legg igjen meir pengar

Osbadet justerte prisane noko ved nyttår, men ikkje så mykje at det forklarer den store auka.

– Vi har hatt fleire gjestar og kvar gjest har lagt igjen meir pengar i mat, drikke, badetøy og utstyr.

– VI har gjort nokre endringar i resepsjonsområdet, slik at varene vi har å tilby kjem betre fram. Det har nok vore med å bidra til auka sal, seier Egeberg Johansen.

Mange bergenserar i helgene

Johansen fortel at hovudtyngda av gjestar kjem frå Os.

– Dei er heilt klart i fleirtal, men vi ser at vi i helgene også har mange gjestar frå Bergen, Samnanger, Kvam, Tysnes og Fusa, avsluttar Egeberg Johansen, som er optimist også for dei komande månadane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.