Næringsliv | 30. sep. 2019

Rekordfangst av MS Røttingøy

Drog opp makrell verdt over 11 millionar kroner - på eitt kast!

Rekordfangst av MS Røttingøy
MS Røttingøy, her til kai i Gjelevika på Røtinga i mai i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. sep. 2019 19:47

Bildeserie:

Olav Dale (t.v.) då nye Røttingøy kom til kai i 2011. (Foto: KVB)
Olav Dale (t.v.) då nye Røttingøy kom til kai i 2011. (Foto: KVB)
MS Røttingøy på feltet. (Arkivbilde. Fotograf ukjent)
MS Røttingøy på feltet. (Arkivbilde. Fotograf ukjent)
Dagleg leiar Astrid Dale. (Arkivfoto: KVB)
Dagleg leiar Astrid Dale. (Arkivfoto: KVB)
1 av 3
Olav Dale (t.v.) då nye Røttingøy kom til kai i 2011. (Foto: KVB)
MS Røttingøy på feltet. (Arkivbilde. Fotograf ukjent)
Dagleg leiar Astrid Dale. (Arkivfoto: KVB)

– Dette er, med god margin, prisrekord for Røttingøy på éin enkelt fangst, seier dagleg leiar i Dales Rederi, Astrid Dale.

– Eg er stolt og glad på mannskapen sine vegne, det er sånt du gjerne berre får oppleva ein eller to gongar i løpet av eit liv som fiskar.

Røttingøy har mannskap på ni. Dei har ingen bas. Skipper på turen er Olav Dale.

– Vi har òg lærling om bord. Eg er ekstra glad for at han fekk oppleva dette.

680 tonn til svært god pris

Røttingøy gjekk eit lite døgn sør for Norskehavet før dei fann ein stor nok stim til at ringnota gjekk i sjøen.

Søndag, i EU-sona utanfor Shetland, drog dei opp 680 tonn med makrell.

MS Røttingøy er no på veg til Nils Sperre i Ålesund for å levera til ein svært god pris.

– Vi fekk over 17 kroner per kilo. Det er redusert kvote og låg kronekurs, begge faktorar er med på å skru prisen opp.

1/4 av årsomsetnaden i éi not

Om kvaliteten held seg på 100 prosent av fangsten har tre timar på feltet resultert i godt over 11 millionar kroner.

Det tilsvarar rundt 1/4 av den totale omsetnaden i 2018, som var eit normalår for reieriet.

Førre rekord var på rundt 6,5 millionar kroner. Då gjekk dei til Danmark med 850 tonn NVG-sild.

• Les òg: Rekordår for Røttingøy (2010)

Sette silderekord i juni

Røttingøy hadde ikkje loddekvote i vinter, og då dei skulle fiska på Island fann dei ikkje lodde.

– Første fisket vårt i år var faktisk i juni. Då fekk vi nordsjøsild for 8 millionar kroner, som er den beste omsetnaden vi har hatt på sild nokosinne.

• Bildeserie: Kom heim til Øyane med nye Røttingøy (2011)

Lurer du på korleis det ser ut når store mengder makrell skal om bord i båten?

Under ser du ein video frå Røttingøy sitt makrellfiske i 2017, med 300-400 tonn i nota.

MS Røttingøy - makrellfiske 2017 from Midtsiden on Vimeo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.