Lokal | 22. juni 2012

Rekordfly landa på Ulven

Det største flyet som nokosinne har landa på Vaksinen, verdas største einmotors passasjerfly, kom torsdag kveld til Os.

Rekordfly landa på Ulven
Antonov An-2 blei designa i russland på 40-talet. I kveld landa rekordflyet på Vaksinen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. juni 2012 08:07

Bildeserie:

I 21-tida kom flyet sigande inn over Os. (Foto: KVB)
I 21-tida kom flyet sigande inn over Os. (Foto: KVB)
– Stor stas! seier Tore Øvreeide. (Sjekk eksosrøret!). (Foto: KVB)
– Stor stas! seier Tore Øvreeide. (Sjekk eksosrøret!). (Foto: KVB)
Flyet er designa for å frakta fallskjermhopparar. (Foto: KVB)
Flyet er designa for å frakta fallskjermhopparar. (Foto: KVB)
Fallskjermhoppar Egil Bye frå Fana har hoppa frå An-2 mange gongar. (Foto: KVB)
Fallskjermhoppar Egil Bye frå Fana har hoppa frå An-2 mange gongar. (Foto: KVB)
Cockpiten. (Foto: KVB)
Cockpiten. (Foto: KVB)
Mini-ror i roret - for finjustering. (Foto: KVB)
Mini-ror i roret - for finjustering. (Foto: KVB)
Tysk venegjeng på 9 (+2) til Os for å campa. (Foto: KVB)
Tysk venegjeng på 9 (+2) til Os for å campa. (Foto: KVB)
2. pilot Uwe Gröschler fylte på med bensin frå Best-stasjonen på Os. (Foto: KVB)
2. pilot Uwe Gröschler fylte på med bensin frå Best-stasjonen på Os. (Foto: KVB)
Kaptein Rainer Gaedtke står for pumpinga. (Foto: KVB)
Kaptein Rainer Gaedtke står for pumpinga. (Foto: KVB)
I aeroklubben var det nesten julestemning grunna det fine besøket. (Foto: KVB)
I aeroklubben var det nesten julestemning grunna det fine besøket. (Foto: KVB)
1 av 10

Torsdag i 21-tida landa eit fly med tyske gjestar på Ulven.

– Dette er det største flyet som nokosinne har landa på Vaksinen flyplass, seier formann i Os Aeroklubb, Tore Øvreeide.

– Det er dessutan det største einmotors passasjerflyet i verda, legg han til.

Antonov An-2 var dessutan lenge i Guinness rekordbok, flyet har blitt produset frå 1946 til 2002, den lengste perioden for noko fly fram til Hercules nyleg slo rekorden, skriv Wikipedia.

Kvifor Os?

Følgjet som kom med An-2-en i går kveld er ein venegjeng på 9 passasjerar og 2 pilotar.

– Kvart år dei siste 7-8 åra tar vi oss ei langhelg saman, med flyet, og då ser vi etter små flyplassar der vi kan campa i nærleiken, fortel kaptein Rainer Gaedtke.

Bak flyet var det allereie slått opp 8-10 telt.

– Det har vore snakk om at dei skal koma fleire gongar før. For fire år sidan håpte vi dei skulle vera med på flystemne, men den gong gjekk det ikkje. I år fekk dei heldigvis endeleg tatt turen, seier Øvreeide.

Brukte 6,5 timar

– Vi har vore i blant anna Storbritannia og Frankrike tidlegare år. Det har også vore snakk om Os nokre år, i år klaffa det.

Gjestane skulle eigentleg har kome onsdag, men dårleg vêr i Tyskland gjorde at dei måtte venta.

Turen frå Ballenstedt til Os tok 6,5 timar i flytid. Flyet hadde mellomlanding nord i Tyskland og nord i Danmark.

20 år sidan sist

I og rundt klubblokala på Vaksinen var det god stemning i går kveld.

– Eg har ikkje sete eit sånt fly på 20 år. Eg håper det blir ein tur no når vi har dei som gjest ei heil helg.

– Sist gong var eg saman med ein gjeng fallskjermhopparar. Då dei hadde hoppa spørte piloten meg om eg kunne lata att døra. Eg var livredd der eg gjekk mot døra, utan sikring,

– Eg måtte til Os!

Egil Bye frå Fana var blant dei flyinteresserte som møtte fram for å helsa på utanlandsbesøket i går.

Bye har hoppa i fallskjerm sidan tidleg på 80-talet og er medlem i fallskjermklubb både i Bergen og på Voss.

– Frå 2001 til 2004 leigde vi fly frå Estland for å driva hopping sommarhalvåret, så kvar vår var vi og henta ein An-2 til klubben i Stavanger og ein An-28 til Voss. An-2 tar 12 hopparar.

– Då eg fekk høyra at flyet skulle koma til Vaksinen så kasta eg meg i bilen, eg berre måtte til Os, seier Bye.

Svein Døsen frå Os Aeroklubb var også blant dei som fekk det travelt med å koma seg til Vaksinen torsdag.

– Det var utruleg å sjå då det kom inn over Ulvenvatnet, det var som om det sto i ro. Flyet treng dessutan berre 18 knop (!) får å letta, seier Døsen.

Reisefølgjet frå Tyskland blir i Os til måndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.