Sport | 09. okt. 2018

Rekordhaust i Osbadet

September blei beste nokosinne - oktober byr på haustferieaction.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandtirsdag 09. okt. 2018 17:39

I dag har vi den våtaste dagen denne haustferien, og når det er vått ute er det mange som vil bada - inne.

– Besøkstalet vårt varierer med vêret, og det gjeld heile året. 2018 har både hatt ein vinter med fint skivêr i helgene, og ein ekstremt varm og tørr sommar, fortel dagleg leiar Torbjørg Brattabø.

Men i august var det slutt på både finvêr og byggesjau, og Os Idrettspark KS, som Osbadet er ein del av, kan gle seg over både ny dobbelhall og auka besøkstal i alle avdelingar.

– September blei vår beste septembermånad i Osbadet nokosinne, med god margin, samtidig merker vi auka omsetnad i kiosken og fullbooka AFO (aktivitetsfritidsordning).

– På AFO har vi 40 elevar for dagen, fire dagar i veka. Vi vurderer å utvida kapasiteten, men det krev auka bemanning, og er i så fall eit stykke fram i tid.

• Bildeserie og tal: Osbadet 10 år (2006-2016)

Dobla aktivitet

I haustferien er også den oppblåsbare hinderløypa frå Wibit på vatnet nokre timar per dag, og i dag var actionnivået høgt.

– Haustferien har vore god så langt. Dobbelhallen er stengt grunna justeringar i nybygget, mens Oshallen er fylt med ivrige, unge spelarar på handballskule.

– Helga etter haustferien skal vi, for første gang i nyehallen, ha minihandballturnering her. 2 av 3 hallar er i bruk, det betyr dobbelt så mange ungar som tidlegare.

– Då blir ny, utvida kafé og foajé god å ha!

(Video: Alle gjestane blei informert før foto i Osbadet i dag, sånn at dei som ikkje ville bli filma fekk trekt seg vekk frå hinderløypa)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.