Lokal | 31. mai 2017

Rekordlågt sjukefråvær

Det skorta ikkje på godord frå politikarane til alle tilsette i kommunen då dei handsama årsmeldinga tysdag. Sjukefråværet på 7,1 %, det lågaste på lang tid, imponerte.

Rekordlågt sjukefråvær
Helge Steinum (Ap) var raskast ut med å ta ordet for å starta ei rekkje av honnørord og skryt til dei tilsette i kommunen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 31. mai 2017 06:51

I tysdagens kommunestyremøte skulle politikarane handsama årsmeldinga for 2017. Det blei ein einaste parademarsj for rådmann, administrasjon og samtlege tilsette i Os kommune.

– Eg vil skryte av rådmannen og jobben som er gjort. Han har hatt viktig fokus på tre ting. Leiarutvikling og satsing på dei tilsette, IKT og digitalisering og Internkontroll. Viktige og sentrale områder når vi no skal slå oss saman med Fusa, innleia Helge Steinum (Ap).

– Eit estimat av det lågare sjukefråværet syner at vi har 1,5 millionar i mindreforbruk som følgje av at folk er på jobb. Det at vi klarer å få fokus på nærvær og ikkje fråvær tyder på eit godt arbeidsmiljø i heile organisasjonen, fortsatte Laila Marie Reiertsen (Frp).

– Gjer ein kjempejobb

Ståle Skaatun (H), som sit i personalutvalet saman med Reiertsen, trakk òg fram det låge sjukefråværet.

– Det er veldig bra. Vi vil sjølvsagt ha det lågare, men eg har lyst til å trekke fram tekniske tenester som har eit fråvær på berre 4%. Det er meget bra, og det tykkjer eg at eg ser att i produksjonen til tekniske tenster. Kommunen er velig velstelt. Ting skjer som det skal, plener klyppast der det er naudsynt og vedlikhaldsteamet gjer ein kjempejobb. I fjor skifta dei mellomanna 14 store ventilasjonsanlegg og malte ti bygg, påpeika Skaatun.

Glad han ikkje høyrde på rådmannen

Gisle Hesjedal (Ap) følgjde opp med honnøren til dei tilsette.

– Takk til rådmannen og hans stab for ein god teneste og oversikteleg årsmelding. Stor takk til alle ansatte som gjer ein strålande jobb for å levere gode tenester kvar einaste dag.

– Det er gledeleg å sjå utviklinga på sjukefråværet. 7,1% er det lågste talet vi har hatt sidan 2010 til i dag. Då vi hadde same debatten i fjor var det på 8,2% og vi hadde ein stigande tendens. Eg veit ikkje om du hugsar det, men då tok varaordførar Marie Bruarøy til ordet for at 7% kanskje var litt ambisiøst. Eg er glad vi ikkje hørte på deg, sa Hesjedal.

– Er dette ein varig effekt, kan rådmannen seie noko om det. Bør vi setta nytt mål? 6%, eller er eg litt for ambisiøs no? Sjukefråværet er først og fremst ein stor kostnad for den som blir sjuk, men også ein stor kostnad for organisasjonen vår. I fjor tapte vi 70 årsverk på grunn av sjukefråvær. Dess lavere vi får det ned, dess betre har dei tilsette det og betre tenester kan vi levere, konkluderte Hesjedal.

– Eg blir så glad eg

Ein nær euforisk rådmann gjekk på talestolen og takka politikarane for dei rosande orda.

– Tusen takk for alle god ord. Eg blir så glad eg. Dette betyr så masse for alle som jobbar i Os kommune. Det første eg skal gjera i morgon tidleg er å sende ut ein e-post til alle dei 1700 ansatte i Os kommune kor eg hilser frå dykk.

– Når det gjeld sjukefråværet så trur eg mykje handlar om retorikk, korleis vi tek ivare dei tilsette når dei blir sjuke og kva oppfølging dei får. Vi bruker nærværgruppene aktivt og vi har leiarar som kjenner dei tilsette og er ute saman med dei. Arbeidsmiljødagen vår er ein festdag. Det er ballongar, som vi no kan kjøpe rett over gata i mijøvennleg gummi og jubalaong.

– Eg trur òg at det fysiske arbeidsmiljøet har mykje å seie for sjukefråværet vårt. God luft er viktig og det at vi blant anna har skifta så mange ventilasjonsanlegg trur eg er med å bidra.

– Det er mange små ting som bidrar. Eg trur ikkje det er tilfeldig, men eit resultat av ei rekkje ting vi gjer. Dette er ein jobb som har vore gjort over lengre tid. Det er litt med skrekkblanda fryd eg registrerer at vi nesten er på målet. Eg er livredd det skal gå opp igjen, men eg trur ikkje det gjer det, for vi har den gode kjemien vi skal ha ute i tenesten, fortalde Fotland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.