Lokal | 10. aug. 2019

Rekordmange har tidlegstemt

Val 2019: Tidlegstemminga er avslutta, frå måndag opnar førehandsrøystinga.

Rekordmange har tidlegstemt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 10. aug. 2019 07:26

Tidlegstemming er moglegheiten studentar og andre som er heime på sommarferien har til å stemme i sin eigen kommune. I Bjørnafjorden kommune, som i resten av landet, opna denne moglegheiten frå og med 1. juli.

- Tidlegstemminga er no avslutta. Frå måndag er det vi kallar ordinær førehandsstemming som gjeld, fortel Marianne Kramer, leiar av valsekretariatet, i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Kramer fortel om ei rekordstor deltaking under tidlegstemminga.

Heile 207 personar i komande Bjørnafjorden kommune har allereie gitt si stemme anten ved valet til Bjørnafjorden kommune, Vestland fylke eller begge vala.

- Til samanlikning var det 25 som gjorde det ved stortingsvalet for to år siden. Samanlikningstal frå sist kommuneval har vi diverre ikkje, då vi no er ei ny kommune.

Tidlegstemming - med slengarar

Forskjellen på tidlegstemming og ordinær førehandsrøysting er at ein ved tidlegstemming normalt berre kan stemme på parti og ikkje på einskilde kandidatar.

- Slik var det for fylkestingsvalet også i år, men for valet til Bjørnafjorden kommune fekk vi dei ordinære stemmesedlane så tidleg at vi kunne ta dei i bruk også for tidlegrøystinga.

– Dei som stemte tidleg har hatt moglegheit til å gje ekstra stemmer og å føra kandidatar frå eitt parti på lista til eit anna parti, sokalla slengarar, frå første stund, forklarer Kramer.

Utvida opningstider for førehandsstemming

Tidlegstemminga blei avslutta fredag 9. august klokka 15.

Når den ordinære førehandsstemminga startar måndag 12. august er også dei ordinære stemmesedlane til fylkestingsvalet på plass.

I Bjørnafjorden kommune er det to stadar du kan førehandsrøyste, på Kommunetunet i Eikelandsosen og i Kommunetorget på Os rådhus.

I Eikelandsosen kan du stemma frå 9 til 15 måndag til fredag. På Os er opningstida frå 8 til 17 måndagar og frå 8 til 15 resten av kvardagane.

I tillegg vil det vera laurdagsope frå 10 til 14 begge plassane laurdag 24. og 31. august, og utvida opningstider til klokka 17 desse tre dagane; 29. august, 4. og 5. september.

- Det er viktig å merka seg at du kan førehandsrøyste der du sjølv vil. Det betyr at osingane kan røyste i Eikelandsosen og fusingane på Os, om det er det som passar dei best. I tillegg kan du røysta ved alle andre vallokaler i heile Noreg, men då berre på parti, om du ikkje har tatt med deg eller fått tilsendt stemmeseddelen frå vener eller kjente i Bjørnafjorden, avsluttar Kramer.

Ho håper på rekorddeltaking også vidare i det historiske førstevalet i Bjørnafjorden kommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.