Sport | 26. aug. 2018

Rekordmønstring på Vedholmen

Bergen Poker Run: Deltakartalet dobla seg frå i fjor. To frå Os stilte med båt som har vunne NM.

Rekordmønstring på Vedholmen
Så mange hestekrefter har neppe vore samla på Vedholmen Landhandel før. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. aug. 2018 09:02

Bildeserie:

Førstemann kom fykande inn Strøneosen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Dei neste følgde helikopteret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Mellom Bjørnarøya og Røtinga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Bergen Poker Run 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Den gamle Fjordlingen vi skreiv om i fjor var med i år òg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Minstemann måtte først heim ... (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

DJ og Riley6-modellane i sving. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tilskodarar i høgda. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

André og Niklas i 53 knop i Zap Cat. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Det var krevjande i bølgene, seier dei to. (Privat bilde, foto: Hans Erik C. Lygre)

Cruising via Halhjem før fartsetappe mot Våge. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Publikum såg ut til å ville ha meir. (Foto: KVB)

1 av 18

Laurdag var det tid for årets versjon av Bergen Poker Run, frå Bergen til Våge med pitstop på Vedholmen Landhandel og cruising via Haugland og Halhjem på veg til middag på Mandelhuset.

Første båt kom susande rett inn Strøneosen som planlagt, dei fleste av dei andre følgde etter helikopteret rundt Kobbavågen og inn mellom Bjørnarøya og Røtinga til butikken.

I fjor var det 22 deltakarar, i år hadde deltakartalet passert 40.

– I år har vi ekstra mange powerbåtar med, og minst fem av dei er tilreisande, sa arrangør Knut Steen Rakner frå Speedball AS til Midtsiden dagen før start.

– Det er gøy, men fysisk krevjande

Også i år var det osingar om bord i nokre av båtane, som Riley6-modellane om bord i «moderskipet» til arrangøren. Nytt i år var eigen DJ på badeplattforma, ho sendte passande rytme innover bryggene.

Powerbåtane låg tett, det gjorde òg dei skodelystne, ved og rundt bryggene og kaien til Vedholmen Landhandel.

Blant deltakarane var Niklas Thuen Nielsen og André Nordberg Mykkeltvedt frå Os. Dei køyrde i ein båt som både har vunne NM og deltatt i VM i klassen Thundercat (les intervju med førre eigar i Varden.no), men som berre er 14 fot.

– Motoren er ein 2006-modell Tohatsu med 75 hk. Båten er ein Zap Cat og går i 53 knop, fortel Niklas.

– Det ser kanskje ut som om det er stille på fjorden, men for denne vesle båten, mellom bølgjene dei andre lager, får vi oss ei god treningsøkt med å halda oss fast og å halda båten på rett kjøl, seier André.

Då dei møtte Hardangerfjordekspressen gjekk dei loddrett opp i hekkbølgene, men landa greit og har ikkje tatt skrekken.

– Vi gler oss både til middag på Mandelhuset og festen på Zachen i kveld!

• Sjå bildeserie frå Bergen Poker Run i fjor: Gamal klassikar i høg fart

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.