Rekordpåmelding og haste-etterlysing
– Fotballdamer og bedrifter har få timar på seg, om dei vil spela gatecup, seier Mikkelsen.


I går gjekk påmeldingsfristen til MidtsidenCup ut, i dag er den forlenga med nokre få timar.
Årsak: dameklassen, som i fjor var den største på 12 år, er i fare for å utgå.
– Først hadde vi berre eitt lag, no har det kome to til, men vi skulle helst hatt eit fjerde og kanskje eit femte lag, seier Marius Mikkelsen.
Bedriftsklassen tel fem lag, mot seks i fjor, og skulle helst hatt eitt lag til.
– Dei som snur seg rundt innan klokka 20 i dag blir tatt med. Vi skal laga kampoppsett i kveld, så det hastar.
– Men vi gler oss veldig over påmeldinga i begge herreklassane, dette 19 lag her er lenge sidan vi har vore oppe i! legg Stian Kvåle til.
Herrar amatør auka frå 6 i fjor til 13 i år, herrar elite har auka frå 4 i fjor til 8 i år.
Gatecupen for vaksne, amatørar og aktive, blir spelt på Kuventræ førstkomande laurdag.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.