Næringsliv | 22. juni 2009

Rekordrigg i fjorden

I dag kom Deepsea Atlantic på plass i Bjørnefjorden. Her skal den ligga i fleire veker.

Rekordrigg i fjorden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. juni 2009 21:20

Bildeserie:

1 av 2

Deepsea Atlantic er Odfjell sin første nye rigg på 27 år. I februar blei den levert frå verftet i Sør-Korea, og flyteriggen gjekk for eiga maskin til Noreg og CCB-basen på Ågotnes.

- Vi blir liggande i Bjørnefjorden i tre til fire veker, seier kaptein/plattformsjef Kåre Kvalvåg.

Leiteriggen, som seinare skal ut på Gullfaksfeltet for StatoilHydro, skal ta ein "posmoor ATA-test" i Bjørnefjorden. Kvalvåg har med det flytta arbeidsplassen sin nær plassen han vaks opp, i Søre Øyane.

Båtar frå Øyane, som Samba og Godøysundekpressen, skal på transportoppdrag for Deepsea Atlantic medan den ligg i fjorden.

• OPPDATERT: Sjå riggen frå innsida

Ver varsam
Riggen er ankra opp med åtte ankerkjettingar, kvar på 1950 meter. Det blir ingen bøyar rundt riggen, men plattformsjefen oppfordrar båtar til å halda seg på minst 200 meters avstand.

Fiskarar bør halda redskap på trygg avstand. Riggen har lyttevakt på
VHF kanal 16.

Fakta om Deepsea Atlantic
Eigar: Odfjell/Odfjell Drilling
Verft:DSME (Sør-Korea)
Ferdigstilt: 6. februar 2009
Pris: 650 millionar dollar
Riggen skal i løpet av sommaren på oppdrag på Gullfaks-feltet for StatoilHydro.

Ifølgje offshore.no kan riggen operera på djupner frå 70 og heilt ned til 3.000 meter, og den har ei dagrate på 500.000 dollar. Til bygginga har det gått med 20.000 tonn stål, 900.000 meter med kablar og 465.000 liter maling. I tillegg er den fullstappa av moderne teknologi.

Sjå òg informasjon om riggen på odfjelldrilling.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.