Rekordstafett stoppa innom på Er-An
Bildeserie: Trialshow, motorsyklar, sol, regn, sludd og konsert med Eirik Søfteland når verdsomspennande mc-stafett køyrde gjennom Os.
Sjølv om ein og annan mann hadde teke turen til Er-An Veikro på motorsykkel, hadde storparten av dei 107 motorsyklane som fylte parkeringsplassen kvinneleg førar.
Bakgrunnen for det store oppmøtet var at Women Riders World Relay (WRWR) i desse dagar køyrer gjennom Noreg, som eitt av nesten 90 land stafetten skal innom.
Den verdsomfattande stafetten kom med ferje frå Sandvikvåg og skulle vidare til Bergen.
Tøffe jenter på trial, konsert og fellesfoto i sludd
Det var tydeleg at stafetten vert lagt merke til.
Bergensavisen og NRK stilte begge sterkt på Er-An, og det heile var litt av eit skue for dei ordinære gjestane til restauranten. I tillegg hadde fleire osingar teke turen for å få med seg det kubikkstore besøket.
På «burneplassen» til Er-An fekk dei besøkande først sjå ei trial-oppvisning av fire unge jenter frå ulike trial-klubbar i Hordaland.
Dei fire jentene i alderen 8-15 år hausta stor applaus for imponerande triks og kontroll på motorsyklane sine.
Inne i restauranten fekk reisefølgjet ei musikalsk helsing frå Eirik Søfteland med på vegen før det bar ut for å ta eit fellesbilde.
At bildet vart teke i ei hissig sluddbyge såg berre ut til å gjera besøket på Os endå meir eksotisk.
Stafetten køyrer no vidare til Ålesund, Lillehammer og Trysil før den går vidare til Sverige.