Lokal | 20. aug. 2015

Rekordstor folkevekst i Os

Andre kvartal 2015 blei større enn rekordkvartalet i 2014. No er det ikkje lenge til vi passerer 20.000 osingar!

Rekordstor folkevekst i Os
Det byrjar å bli tett med folk på Kyrkjeflaten 17. mai, og tettare skal det bli med den veksta kommunen no opplever. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. aug. 2015 08:25

Bildeserie:

Statistikk for andre kvartal dei siste åra. (SSB.no)
Statistikk for andre kvartal dei siste åra. (SSB.no)
1 av 1
Statistikk for andre kvartal dei siste åra. (SSB.no)

I dag publiserte ssb.no innbyggartal i stat og kommunar og endringar i andre kvartal (april til juni) 2015.

Folketalet i Noreg auka med 12.400 førre kvartal, over 200 av desse var i Os.

Andre kvartal i fjor auka innbyggartalet i Os, for første gong, med over 200.

Rekordveksten på 201 innbyggarar i K2 2014 er no slått, folketalet i Os auka med heile 241 innbyggarar frå slutten av mars til slutten av juni i år.

Folketalet i Os var ved utgangen av juni 19.463.

• Mange fødde og få døde drar opp, det blei fødd 74 nye osingar mot 65 og 58 dei to førre kvartala. Berre 19 (mot 34 og 24) døydde.

• 52 innvandra frå andre land og 12 ut er meir som normalen, mens 286 tilflyttarar (innanlands) er høgt, saman med berre 140 som flytta ut av Os.

Opp og ned - men mest opp

Det siste året har vi passert 19.000 innbyggarar to gongar. I 3. kvartal i fjor gjekk nemleg folketalet, for første gong på 13 år, ned.

Vi blei 19 færre osingar!

Les òg: Desse tala overraskar ordførar og meklarar

Men 4. kvartal 2014 og 1. kvartal 2015 heldt veksten fram med auke på 112 og 125 innbyggarar.

20.000 i 2016

Andre kvartal har vist seg å vera ei tid med litt høgare auke enn elles i året og vi kan kanskje ikkje rekna med at veksta skal halda seg på over 200 i kvartalet dei komande periodane, sjølv om arbeidet på ny E39 startar i oktober.

Men om vi veks med over 100 osingar i kvartalet vil vi nok passera 20.000 innbyggarar i Os ein gong rundt midten av 2016.

Les òg: Historisk folkevekst i 2013

Folketalet - tiår for tiår

Ser vi tilbake til då Statistisk Sentralbyrå sine første tal for Os, i 1951, ser vi at folketalet har auka ganske ujamt, veksten har varidet frå tiår til tiår.

Folketalet auka meir på 70-talet enn på 80- og 90-talet.

Dei siste fem åra har folketalet auka omtrent like mykje som dei ti åra før 2010.

Her er folketalet i Os tiår for tiår, med vekst siste 10 år i parantes:

1951: 5.580
1960: 6.637 (1057)
1970: 8.006 (1369)
1980: 10.598 (2592)
1990: 12.608 (2010)
2000: 13.896 (1288)
2010: 16.684 (2.788)
2015: 19.097 ved inngangen på året, vekst siste fem år på 2.413.

Les òg: 60 år med vekst

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.