Sport | 19. mai 2014

Rekordstor golf-premie

Bjørnefjorden Golfklubb rundar av jubileumsfeiring med storstilt turnering. Premie for hole in one: Ein Porsche Cayman til 849 000 kroner.

Rekordstor golf-premie
Rune Myklebust, Kristian Høyden, Eivind Hodneland og turneringsleiar Gjermund Engelsen håpar nokon kan stikka av med bilen 10. august (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 19. mai 2014 06:08

Bildeserie:

Ein Porsche Cayman kostbar 849 000 kroner om du skal kjøpa den sjølv (foto: AH)
Ein Porsche Cayman kostbar 849 000 kroner om du skal kjøpa den sjølv (foto: AH)
Speler du golf og slår hole in one på hol 9 under finalen kan du få den gratis (foto: AH)
Speler du golf og slår hole in one på hol 9 under finalen kan du få den gratis (foto: AH)
1 av 2
Ein Porsche Cayman kostbar 849 000 kroner om du skal kjøpa den sjølv (foto: AH)
Speler du golf og slår hole in one på hol 9 under finalen kan du få den gratis (foto: AH)

Golfklubben på Hauge feirar i år 20 år. I august skal det heile markerast med ei eiga jubileumsveke.

– Då blir det turneringar kvar dag med ei storstilt avslutning laurdag og sundag 9. og 10. august kor vi arrangerer Bjørnefjorden Porche Invitational.

– Om nokon klarar å sjå hole in one på hol 9 under finalane på sundagen, så går den første som gjer det heim med ein flunkanes ny Porsche Cayman, smilar dagleg leiar i Bjørnefjorden Golfklubb, Eivind Hodneland.

Truleg Noregs dyraste golfpremie

Eit samarbeid med Porsche Center Bergen gjer at Bjørnefjorden kan skilta med det som truleg er Noregs dyraste premie for å få ballen i holet på eitt slag.

– Ofte er det slik at ein kan vinna disponering av ein flott bil for ein periode, men her får den som eventuelt klarar det bilen til odel og eige.

– Det er utrruleg tøft gjort av Porsche Center Bergen å stilla opp med bilen, seier Hodneland.

Falt for klubben

Salsansvarleg Kristian Høyden og verksmeister Rune Myklebust var i førre veke på Bjørnefjorden for å visa fram premien.

– Då vi fekk spørsmålet, så var vi ikkje i tvil om at vi ville vera med.

– Rune er vel den av oss som er ivrigast til å spele golf og er her oppe stadig vekk for å spele, fortel Høyden.

– Det eg har falt for er det flotte anlegget Bjørnefjorden har fått til her oppe.

– Samtidig er dei, som Porsche, oppteken av kvalitet og å stadig utvikla seg og anlegget, difor rådde eg Kristian til å vera med, fortel Rune Myklebust.

– Men de er ikkje redd for at noko faktisk klarer bragden då, så de må gje frå dykk bilen?

– Det er ingenting som hadde vore kjekkare enn det.

– No har vi rett nok forsikra premien, så kostnaden blir ikkje så høg for oss som verdien er på bilen, smiler dei to Porsche-gutane.

2/3 for medlemmar

Turneringa er open for 72 deltakarar, kor 48 går vidare til finaledagen sundag.

– 2/3 av plassane er reservert medlemmar i klubben. Den siste tredjedelen er for inviterte gjester, sponsorar og samarbeidspartnarar.

– Det er både herre og dameklasse, forklarar turneringsleiar Gjermund Engelsen.

– Det er ei amatørturnering, så kven som helst som speler golf kan melda seg på, supplerer Hodneland.

Porschen er sett opp som premie på hol 9 under finalen sundag. Holet er om lag 140 meter for damer og 155 for herrar, litt avhengig av kor holet blir plassert på greenen.

– I tillegg til bilen stiller Porsche Center Bergen med premiane i den ordinære konkurransen, avsluttar Hodneland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.