Lokal | 28. juni 2010

Rekruttskule til Ulven?

Ulven leir kan bli rekruttskule igjen. Vi har vore i leiren og sjekka forholda.

Rekruttskule til Ulven?
Andris Hamremandag 28. juni 2010 08:42

Bildeserie:

1 av 8

I forsvarsmelding 07 blei det foreslått at Sjøforsvarets rekruttskule på Madla skal flyttast til Bergen. Det skal no utgreiast om skulen skal ligga på Haakonsvern eller Ulven, begge alternativ skal koma til å krevja betydelege investeringar. Den endelege avgjerda kjem truleg til hausten.

Skal husa 2000 mann
Rekruttskulen skal ta imot i overkant av 2000 rekruttar kvart år. Det vil variera kor mange som kjem til kvar av kontingentane. Sommarkontingenten i juli er den største, medan dei tre andre er mindre.

Rekruttskulen er ein «soldatfabrikk» der mykje av undervisninga og opplæringa skal skje i klasserom og inne i leiren. Berre litt av aktivitetane blir på skytebanen. Om Ulven blir valt vil rekruttane vera i leiren i omlag åtte veker før dei blir sendt vidare.

Allereie stor aktivitet
For dei fleste osingar opplevast Ulven gjerne som litt daud. Vi høyrer eit skot i ny og ne, men elles ser det ut til å vera stille. Stemmer det?

- I rundt 285 dagar i året er ei eller fleire av dei ni operative skytebanane i bruk. Totalt per år blir det lausna 1,5 millionar skot på Ulven, fortel orlogskaptein John-Fredrik Honningsvåg.

- Det er i hovudsak dei faste mannskapa på Haakonsvern og HV09 som nyttar skyteanlegget.

Ligg det nokon i buskane?
Honningsvåg kan òg fortelja at området på 6.500 dekar blir brukt av spesialstyrkar, blant anna marinejegarar.

- Dei kjem opp her utan at vi veit noko. Dei ligg gjerne skjult i terrenget i fleire dagar for å øva på å halda seg skjult og observera før dei trekk seg ut igjen. Den gjengen merkar vi derfor lite til, med mindre det skjer noko som gjer at dei treng bistand eller utstyr frå oss.

20.000 overnattingar
Dei siste åra har fleire av forsvaret sine avdelingar i Bergen valt å legga møter og seminar til Ulven i staden for å leiga seg inn på hotell.

- Etter at vi rusta opp dei to offisersforlegningane med 19 enkeltrom legg stadig fleire leiarmøter og interne seminar på leiingsnivå til Ulven. Desse, saman med ordinær øvingsaktivitet, gjer at vi har over 20.000 overnattingsdøgn i året, fortel Honningsvåg.

I tillegg kjem omlag 2500 teltovernattingar i leiren. På spørsmål om det er mogleg for andre å leiga seg inn fortel Honningsvåg at det nok ikkje lar seg gjera.

- Leiren ikkje er sett opp med fast kjøkkenpersonale så det er ikkje er praktisk å driva utleieverksemd til sivile.

Eigen gjenvinningsstasjon
Miljøomsyn har blitt stadig viktigare, også i forsvaret. Derfor er det etablert ein eigen miljøstasjon i ein av dei gamle garasjane. Her blir avfallet kjeldesortert.

Også på skytebanane har miljøet kome meir i fokus, noko dei nye skytebanane som nyleg opna er gode eksempel på.

Berre to tilsette
Av faste mannskap er det berre to tilsette på Ulven. I tillegg kjem vaktlaget. Det er òg eit par pensjonistar som er hyra inn for å laga skyteskiver til øvingane.

- Du må få med den fantastiske jobben fusajenta Hanne Aakre Bratland gjer, skryt John-Fredrik Honningsvåg.

- Ho held styr på all aktivitet, sørgjer for at alt vi treng av utstyr og rekvisittar er på plass og held kontroll på oss alle. Utan ho hadde det vore mykje tyngre å ha så mykje aktivitet som vi har her, avsluttar Orlogskapteinen.

Historikk:
1864: Øvingsplass for frivillige til krigen mot Tyskland
1874: Ekserplass oppretta til avløysing for Engen og Årstadsletta
1875 – 80: Ulven leir blir bygd slik den i all hovudsak blei sjåande ut dei neste 100 åra
1940 – 45: Nytta som fangeleir av tyskarane. Ein del nye bygningar blei reist.
1950: Avdelingar til tysklandsbrigaden bruker leiren til oppøving
1950 – 65: Leiren forfell grunna låge vedlikehaldsbevilgingar
1965: Forsvardepartementet bestemmer at leiren skal bestå og rustast opp
1965 - : 3 månadar rekruttskuler, rep.øvingar Hær og HV.
1980-åra: Øvingsverksemda trappast opp ved oppretting av Brigaden på Vestlandet
1991: Tre nye kaserner med 150 forlegningsplassar blir bygd
1994: Bergenhus regiment overtar leiren
2002: Bergenhus regiment blir nedlagt og Haakonsvern orlogstasjon overtar driftsansvaret
I dag: Hovudøvingsplass for Bergenhus HV09 og Haakonsvern orlogstasjon

Fakta om Ulven leir:
• 6500 dekar skyte og øvingsfelt
• 4 stk mannskapsforlegninger, 318 senger
• 19 offisersrom, 22 senger
• 1 plenumssal til 150 pers
• 1 spisesal til 150 pers
• 1 befalsmesse til 60 pers
• 2 kjønnsnøytrale sanitæranlegg
• 9 operative skytebanar
• Diverse adm. bygg, verkstad og depot

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.