Næringsliv | 28. sep. 2011

Relanserer suksesskonsept

Skanska og IKEA relanserer no eit tidlegare suksess-konsept i Noreg. Først ute er Kuvågen i Os.

Relanserer suksesskonsept
Andris Hamreonsdag 28. sep. 2011 11:42

I 15 år har Skanska og IKEA samarbeidd om å byggja og utvikla boligar for førstegongsetablerarar og andre som ønskjer seg eiga leilegheit.

- For nokre år sidan hadde vi fem prosjekt i Bergensområdet, mellomanna i Knarvik og på Sotra, men då finanskrisa kom såg vi at markedet for denne typen boligar fall litt samen og nye prosjekt blei lagt på is, fortel salsansvarleg Hanne Sjøstrøm i Skanska.

Børsta støv av gamalt konsept

No har marknaden betra seg og dei har børsta støv av gamle planar.

- Vi har gått tilbake til det opprinnelege konseptet med mindre, men smarte, planløysingar for leilegheitane. Vi har saman med interiørdesignarane på IKEA gjort nokre forbetringar og lanserar no prosjektet igjen og då først i Os.

Ei av dei smarte løysingane Sjøstrøm trekk fram er at takhøgda er 2,5 meter i staden for normale 2,4.

- Det høyrest kanskje ikkje mykje ut, men det gjev ein mykje større romføling, forklarar Sjøstrøm.

- Men, kvifor på Os?

- Det ligg litt i filosofien til Boklok at prosjekta skal ligga litt utanfor sentrum og då gjerne i rolege omgjevnader med kort veg til barnehage, butikk, offentleg kommunikasjon og friområder.

- Ein av prosjektleiarane våre har jobba mykje med Os og anbefalte å sjå i den retningen, forklarar kollega Patrik Søreide.

- Når vi kom over denne tomta i Kuvågen såg vi at den passa godt for å relansera konseptet.

Trekning på IKEA

Etter at dei lanserte prosjektet for vel ei veke sidan er det mange som har meldt si interesse.

Men om dei interesserte får leilegheita dei ønskjer får dei ikkje veta før på trekningsdagen 22. oktober.

- Då riggar vi til med stand på IKEA i Åsane kor alle interessentane blir invitert.

- Dei som framleis er interessert og som har undersøkt at dei får finansiering på plass blir så invitert til å legge namnet i ein stor boks, som vi trekker frå.

- Den første som trekkjast får velgja husvære først, forklarar Sjøstrøm.

Om leilegheita du ønskjer deg blir vald før du blir trekt ut har du framleis anledning til å trekkja deg frå prosjektet. Når det gjeld finansieringa fortel Sjøstrøm at prosjektet er godkjent for startlån frå kommunen om søkjarane kvalifiserar for det.

- Første gong vi gjorde det blei det ein utruleg happening med mykje folk og stor stemning. Eg håpar jo at vi skal få den samen opplevinga no, smiler Sjøstrøm.

Sosialt for kjøparane

Boklok Kuvågen består av 22 leilegheitar kor 14 er toroms på 50 kvaderatmeter og 8 er treroms på 68 kvaderatmeter.

- Vi meiner at her får kjøperane mykje for pengane. Toromsleilegheitane kostar frå 1.495.000 kroner, medan treromsane går frå 1.995.000, fortel Sjøstrøm.

Sidan utforminga er som eit tun med tre hus rundt eit fellesareal legg dei to vekt på at dei som kjøper skal få moglegheiten til å bli kjende før dei flyttar inn.

- Vi kjem til å ha eit felles kontraktsmøte etter trekninga kor alle møtast, felles befaringar på byggjeplassen og andre aktivitetar i byggjeperioden.

- Det skal vera ein meir sosial greie enn eit vanleg bustadkjøp når du kjøper ei Boklok-leilegheit, smilar Søreide.

Interiørtips inkludert

Sidan IKEA driv interiør inviterast alle kjøparane til ei møte med IKEA sine interiørdesignarar får å få tips til korleis leilegheitene kan innreiast. Kva som passar i dei forskjellege stilane og korleis utnytta plassen på ein best mogleg måte.

- Det er ikkje noko krav om at alt interiør skal kjøpast på IKEA. Har du ein sofa du har arva, så får du like gjerne tips på korleis du får den til å passa inn i stilen du vel, forklarar Hanne Sjøstrøm.

- I tillegg får du to timars moteringshjelp når du flyttar inn, reklamerar ho.

Byggjestart i januar?

Om det går som dei to håpar vil Skanska setje spaden i jorda over nyttår.

- Interessa har vore såpass stor at eg reknar med at vi skal få seld dei leilegheitene vi treng for å starta opp prosjektet i haust.

- Går det som vi håpar står dei innflytningsklare i fjerde kvartal til neste år, avsluttar Hanne Sjøstrøm i Skanska.

Dei av leiligheitene som ikkje blir selde på trekningsdagen vil dei selja via Skanska Bolig sine vanlege salskanalar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.