Lillian og Henriette framfor Jernia, der turkort kan hentast og dei nye premiekoppane kjøpast. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Relansering av Vandrefalken og Jaktfalken

Gå fjelltur - vinn kopp: Hegglandsdalen il med nye toppar og nye premiar til ivrige turgåarar i Os.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I ei årrekkje har Hegglandsdalen il organisert turmerka Vandrefalken (5 toppar) og Jaktfalken (10 toppar).

No har dei, i samarbeid med Os Turlag og Jernia Paul M Sælen & Co, ei relansering der det meste er nytt; fjelltoppane, korta, postkassane og premiane. Prisen for koppen, etter fullført merke, er den same (70 kroner).

Sjå liste over dei aktuelle toppane nedst i artikkelen.

– Idrettslaget har ikkje så mange aktivitetar. I fjor hadde vi barnetrim, no har vi dametrim. I tillegg har vi kano til utlån for padling på Tveitavatnet, og faste installasjonar som ballbinge og skatebane, fortel styremedlemmane Lillian Sælen og Henriette Færevaag.

– Då er det kjekt å ha fjellturar som eit av våre aktivitetsområde, Hegglandsdalen er jo omkrinsa av fjell.

Var klar for fornying

Pins, som tidlegare var premie for Vandrefalken og Jaktfalken, var laga av tidlegare styremedlem. Då idrettslaget fekk nytt styre leia diskusjonen om nye premiar til at laget bestemte seg for å fornya begge turmerka.

– Vi er veldig takksame for KUP-midlane vi fekk, og for samarbeidet med Os Turlag og Jernia. Vi har òg fått god hjelp av Loops, som i tillegg har laga ny logo til idrettslaget.

– Turlaget og Roar Haugsgjerd i Os kommune hjelper oss å få opp dei nye, robuste postkassane med dei nye gjestebøkene i, og dei første har kome på plass.

Med turkort eller digitalt

Jernia er base, både når det kjem til henting av turkort og kjøp av premie etter fullførte turar. Dei som skriv seg på liste hos Jernia er òg med på trekking av gåverkort.

– Du vel sjølv om du vil bruka korta og kryssa av (tengene er vekke og det er ikkje ambisjonar om å kjøpa nye), eller om du vil sjekka inn via UT.no. UT har også turmerka klar, så etterkvart som du har sjekka inn blir toppane markerte som fullførte.

Fjelltoppane

For å få Jaktfalken må du gå til 10 toppar, mens Vandrefalken berre krev 5.

Vandrefalken:
Liafjellet 259 moh (ny)
Borgafjellet 353 moh (ny)
Lyshornet 404 moh
 Rødsfjellet 526 moh
Midtsæterfjellet 604 moh

Tidlegare var Svinningen og Møsnuken med på lista for Vandrefalken.

Jaktfalken:
Borgafjellet 353 moh
Lyshornet 404 moh
 Linken 479 moh (ny)
Rødsfjellet 526 moh
Midtsæterfjellet 604 moh
Tøsdalsfjellet 605 moh (ny)
Møsnuken 639 moh
Renafjellet 713 moh
Søtefjellet 769 moh
Svinningen 843 moh

Tidlegare var Gråfjellet (487 moh) og Ørnahaugen (396 moh) med på lista.

– Vi håper desse merka kan vera med på å motivera både vaksne og born til å gå mykje på tur, og til å utforska turterreng dei ikkje har besøkt før, seier Lillian og Henriette frå Hegglandsdalen il.