Næringsliv | 24. sep. 2018

Rema først ute med ope til midtnatt

Opnar tidlegare og stenger seint - seks dagar i veka.

Rema først ute med ope til midtnatt
Rema 1000 Kuven stasjon har i dag utvida opningstidene med 15 ekstra timar i veka. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. sep. 2018 08:26

Frå i dag har Rema 1000 utvida opningstidene i begge endar, frå klokka 6 om morgonen til 24 om kvelden, alle dei seks dagane i veka.

Tidlegare var butikken open frå 7 til 23 frå måndag til fredag, og frå 8 til 21 laurdagane.

– Viktigaste årsak er logistikk, vi får varer seint og tidleg, og skal få desse på plass i hyllene, seier kjøpmann Trond Hope.

– Vi held òg på å få nytt system med automatisk varebestilling på plass. Når dette er ferdig integrert skal vi òg ta all vareplassering sjølv, ikkje ved hjelp av leverandør.

Nytt handlemønster

Sjølv om kjøpmannen seier han treng ekstra tid til varemottak, handlar ikkje dei nye opningstidene berre om å rydda hyllene klare til dei travlaste timane.

– Kort sagt så tener vi pengar på å halda ope framfor å vera stengt. Nokre kundar liker å handla seint, andre er på handletur tidleg om morgonen. Vi har frå før folk på jobb før opningstid, blant anna for å gjera fruktdisken klar, og vi ser at det er ein del bilar på plassen før klokka 7 om morgonen.

– Det kan vera nattevaktar på veg heim frå jobb, eller folk som bruker pendlarparkeringa eller ladestasjonen til Tesla som vil handla med seg lunsj eller ta unna dagens handling før den travle ettermiddagen set inn. No vil vi få ein endå betre butikk, og vi vil snart få på plass ei kaffimaskin, så kundane kan kjøpa med seg ein oppkvikkar etter handleturen.

– Du er ikkje første Rema som utvider opningstidene på denne måten?

– Nei. Rema Skogsvåg og Ågotnes har hatt ope til 24 ei stund, og på Søreide, som har Kokstad og Flesland i nedslagsfeltet sitt, er det ope døgnet rundt.

• Les òg: Følgjer KIWI etter?

Overtok over 90 % av «Idrettsvegen-handelen»

Rema 1000 Kuven stasjon har òg opplevd kraftig vekst i år. Ei av årsakane er at ekteparet Hope, som tidlegare hadde to Rema-butikkar i Os, i vår la den den eldste, Rema 1000 Os i Idrettsvegen.

Siste opningsdag i Idrettsvegen var 28. april. Sidan har handelen på nabobutikken Kuven stasjon auka kraftig.

– Veksten vår tilsvarar over 90 prosent av omsetnaden i Idrettsvegen. Kuven stasjon hadde høgast omsetnad frå før, så det blir ikkje ei dobling her nede, men det er likevel ei stor auke, og langt over kva vi hadde venta at vi skulle klara.

Auka bemanning

Utvidinga i opningstidene tilsvarer til saman 15 timar per veke.

– Vi auka med tre tilsette etter at vi la ned i Idrettsvegen. Nokre av dei tilsette har vore med på å ta avgjerda om utviding av opningstider.

– Utvidinga blir i hovudsak løyst med nye vaktlister, men vi vil ta inn nokre ekstra deltidstilsette. Akkurat dette ventar vi litt med, då vi har tilsette ute i permisjon, og vil ha desse tilbake før vi får full oversikt over kva behovet er, seier Trond Hope.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.