Lokal | 11. jan. 2019

Reparasjonar på Halhjem ferjekai

Statens vegvesen varslar om fare for forseinkingar i begge ferjesambanda frå måndag og nokre veker fram.

Reparasjonar på Halhjem ferjekai
Halhjem ferjekai. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. jan. 2019 14:25

Frå måndag 14. januar kan ferjene verta forseinka med 5-10 minutt på strekninga mellom Halhjem-Sandvikvåg og Våge-Halhjem, melder Statens vegvesen.

«Ei forbetring frå kanselleringar til forseinkingar» vil kanskje dei som reiser med sambandet Halhjem-Sandvikvåg seia. Torghatten har hatt fleire problem etter at dei overtok 1. januar, og har halde fram med kanselleringar fram til seinast i går.

Men meldinga frå vegvesenet handlar om vedlikehald og reparasjon på ferjekaien, og gjeld frå 08.00 – 19.00 frå måndag til torsdag.

– Arbeidet er venta å vara i nokre veker, seier senioringeniør Rolf Noreide i Statens vegvesen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.