Reparerer Baronsbrua

Gangvegen på Osøyro blir stengt i periodar.

Steffen frå Kjell Røttingen AS er godt i gang med arbeidet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. sep. 2020 10:17

Brua frå Baronsplassen ved torget, over mot Kyrkjeflaten, skal få nytt dekke.

– Det var nokre skadde fliser og ein viss snublefare på brua. Vi ønskte å reparera dette snarast, og før det blir kaldare og fare for glatte fortau, seier Kjeti Bjørgo Helgesen, vaktmeister i Bjørnafjorden kommune.

– Heldigvis kunne murmeister Kjell Røttingen snu seg raskt rundt når det no blei fint vêr.

Den idylliske plassen med elv, trapp og hoppesteinar, blei opparbeidd og opna sommaren 2009.

Arbeidet med å få opp dei gamle flisene starta i dag. Gangbrua er stengt utover dagen.

– Vi skal skrapa og spyla reint før den opnar. Gangbrua blir stengt igjen når vi skal legga nye fliser, men det er ikkje bestemt kva dag det blir, seier Steffen frå Kjell Røttingen AS.

Baronsplassen og Baronselva fekk seg eit løft i 2009. Her i 2019. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.